Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland
På digitalt årsmøte 2. juni vart vår dyktige Gabriel Fliflet attvalt som fylkesleiar. Med seg får han eit engasjert og kvalifisert styre.
På grunn av korona-situasjonen vart årsmøtet i år gjennomført digitalt. Ei fyldig årsmelding som vitna om nok eit innhaldsrikt og gjevande naturvernår vart lagt fram, eit spennande og ambisiøst arbeidsprogram vart diskutert og vedteke og uttalen «Klimapolitikken må være effektiv og rettferdig» vart vedteken og sendt til media og Naturvernforbundet sitt landsstyre.
Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Gabriel Fliflet held fram som leiar. Med seg i styret får han Tom Skauge og Synnøve Spangelo, som begge vart attvalt, Grete Ingebrigtsen som er ny i styret, Oddvar Soldal som vart attvalt som 1. vara, Anne Gilde som er nyvalt 2. vara og Hallvard Birkeland som valte å stilla som 3. vara i staden for attval som styremedlem.
Knut Espelid, Tone Salomonsen, Bård Larsen og Tonje Sæther var ikkje på val.
Me ser fram til eit spennande og aktivt år vidare!