Gabriel Fliflet attvalt som leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Eit samrøystes årsmøte valte at Gabriel Fliflet held fram som vår dyktige fylkesleiar. Med seg får han eit svært kvalifisert styre.
Naturvernforbundet Hordaland sitt årsmøte fann stad på Det Grøne Loft på Bryggen laurdag 16. mars. Ei årsmelding som vitnar om eit innhaldsrikt og vellykka fjorår vart presentert, eit spennande og ambisiøst arbeidsprogram vart diskutert og vedteke, Arnstein Vestre frå Greenpeace fortalte om ankerunden i klimasøksmålet mot staten, og Jarand Helle Bøuym frå Hordaland Natur og Ungdom heldt ein inspirerande tale om vegen vidare etter Klimaopprøret 14. mars.
Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Gabriel Fliflet held fram som leiar. Med seg i styret får han Knut Espelid som også vart attvalt, Tone Salomonsen, som har vore aktiv i Naturmangfaldsgruppa i ei årrekke, Tonje Sæther som leiar Naturvernstudentane på UiB, i tillegg til Tom Skauge, Ingvild Johnsen og Hallvard Birkeland som ikkje var på val. Årsmøtet valte også tre svært dyktige varamedlemmer: Oddvar Soldal, veteran i lokallaget i Kvam, Synnøve Spangelo i Hordnesskogens Venner som gjer ein imponerande innsats for å ta vare på Hordnesskogen, og Hedda Østgaard som er aktiv i Bergen sitt lokallag i Folkeaksjonen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.
Me ser fram til eit spennande år!