Blomstereng og kulturlandskap
Bli med oss til Marta og Jens på Nordre Tveita og få inspirasjon til å lage di eige blomstereng!

Naturvernforbundet på Stord inviterer til inspirasjonssamling og erfaringsdeling.
Mange ønskjer å lage blomstereng i hagen for å bidra til økologisk mangfald og skaffe mat til insekta. Blomane i kulturmarkene har ei lang historie i samliv med menneske og dyr, men no treng dei hjelp frå oss.
Bli med oss til Marta og Jens på Nordre Tveita og få inspirasjon til å lage di eige blomstereng!
Jeanette Tennebekk frå Naturvernforbundet Hordaland gir oss gode råd om å etablere blomstereng i hagen.
Viss vêret gjer det mogelg, vil ho og vise korleis du kan sanke frø.
Jeanette er prosjektansvarleg for Oppdrag blomstereng, eit prosjekt for skular og barnehagar.