21.sep 2024

Den store klesbytedagen

Hva: Klesbyte
Når: 21.sep, kl. 10:00 – 15:00
Hvor: Sartorvegen 12, Straume

Bytt dei gamle klesskattane du ikkje bruker lenger – og få nye favorittar i retur samtidig som du sparer miljøet!

klesbyttedagen

Laurdag 21. september kjem Den store klesbyttedagen på biblioteket.

I regi av Naturvernforbundet samarbeider Øygarden Frivilligsentral, Sotra Husflidslag og Øygarden innbyggartorg og bibliotek også i 2024 om Klesbyttedagen.

Mange av oss har alt for mykje klede allereie. Samtidig ønsker vi oss nye klede. Laurdag 21. september arrangerast det klesbyttefest på Straume bibliotek og innbyggjartorg klokken 10-15 for deg som vil fornye klesskapet på ein miljøvenleg måte.

Klesbyttekonseptet er enkelt

Finn frem opp til sju heile og fine plagg frå bakarst i klesskapet. For kvart plagg du har med deg får du ein kupong du bruker til å bytte til deg eit nytt plagg som du faktisk har lyst til å bruka. Innlevering av klede skjer på Innbyggartorg og bibliotek på Straume torsdag 19. september 12-19, fredag 20. september 10-16 og laurdag 21. september 10-12.

Klede som vert til overs leverast til eit godt formål.

Fikselaug

På klesbyttedagen på biblioteket stiller også Sotra Husflidslag med eit «Fikselaug» med smilande reparasjonskompetanse frå kl. 10-15. Dei har med utstyr for vøling, stopping og bøting, og kan visa deg korleis du kan koma i gang med å gje sokkane eller plagga dine eit nytt og vidare liv.
Ta gjerne med deg plagg som du lurer på om kan fiksast, så kan du få nokre gode tips eller veiledning om korleis gje plagget eit nytt liv.

Kl 11.00 blir det minikurs i kunststopping ved Husflidskonsulenten i Hordaland Hege-Therese Nilsen. Kunststopping er ein teknikk for reparasjon av hull i vevd stoff. Den er kjenneteikna ved eit heilt usynleg resultat og blir som oftast brukt i dressar og andre finere ullplagg, som bunadar.

Og kanskje blir det meir program. Følg med, følg med!