Skipingsmøte for Naturvernforbundet i Bjørnafjorden
Velkomen til skipingsmøte for nytt lokallag i Bjørnafjorden kommune 22. april!
(Information in English below)
Vi inviterer alle medlemmer med adresse i Bjørnafjorden kommune til å bli med og stifte nytt lokallag for Bjørnafjorden!
Til tross for at Bjørnafjorden er ein av våre meir medlemsssterke kommunar, og til tross for at Hordfast-prosjektet naturleg nok er eit heitt tema også her, har det ikkje vore lokallag i Bjørnafjorden fram til no. Det har fire av medlemmene tatt tak i, og dei har difor blitt utnemnde til settestyre fram til skipingsmøtet. Dei fire er:
Ida Kaland, Tilda Zsemberovszky, Astrid Dale og Silke Becker
Skipingsmøtet vil finne stad 22. april 2024 kl 18.00, på Os biblioteket.
Dagsorden for møtet vil vere som følgjer:
- Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivar
- Godkjenning av innkalling og dagsorden
- Vedtekter for lokallaget
- Økonomi i lokallaget
- Val av styre
- Aktivitetsplan for det komande året
Til styrevalet foreslår Settestyret disse kandidatene:
Silke Becker
Astrid Dale
Tilda Zsemberovszky
Settestyret inviterer vidare alle medlemmer til å kome med forslag til aktivitetar og saker ein vil at lokallaget skal jobbe med framover. I tillegg understrekar settestyret at dei ønskjer fleire styrekandidatar; og særleg til kasserarvervet.
Etter skipingsmøte blir det sosialt treff med kaffe og kjeks for å bli bedre kjent.
We invite all members with addresses in Bjørnafjorden municipality to join us in forming the new local chapter for Bjørnafjorden!
Despite Bjørnafjorden being one of our municipalities with stronger membership numbers, and despite the Hordfast project being a hot topic here, there hasn’t been a local chapter in Bjørnafjorden until now. Four members have taken initiative to start the local chapter, and they have been appointed as a temporary board until the founding meeting. These four are:
Ida Kaland, Tilda Zsemberovszky, Astrid Dale, and Silke Becker
The founding meeting will be on April 22nd 2024 18:00, at Os library.
The agenda will be as following:
- Choosing chairperson, meeting reporter, and people to sign the report
- Approval of summons and agenda
- Statutes for the local chapter
- Economy for the local chapter
- Election of the board
- Activity plan for the coming year
To the board election, the temporary board suggests the following candidates:
Silke Becker
Astrid Dale
Tilda Zsemberovszky
The temporary board invites all members to make suggestions for activities and cases they want the local chapter to work on. Additionally, the temporary board wants more candidates for the board, especially the economy position.
After the founding meeting there will be a social meet with coffee and cookies to become better acquainted.