Noregs nye plaststrategi – Klarer vi å bli ein leiande havnasjon?
Ein kjapp oppsummeringa av Norges nye plaststrategi.
Bidrag til FNs nullvisjon om å stanse utslepp til havet
Draumen om Noreg som ein leiande havnasjon omfattar arbeidet mot marin og plast forsøpling. I august i år kom Solberg-regjeringa ut med ein fornya norsk plaststrategi. Strategien er eit bidrag til FNs nullvisjon frå 2017 om å stanse alle utslepp til havet, og har som mål å vise til heilskapleg tilnærming for tiltak på tvers av heile plastens livsløp global, regionalt og nasjonalt.
Til trass for store forventingar om eksplisitte verkemiddel og handlingsplan som kunne snu trenden og skape insentiv til berekraftige og sirkulære løysningar, klarte ikkje strategien å innfri forventningane. Denne artikkelen gir ein kjapp oppsummeringa av den fornya strategien.
Globalt problem, globalt samarbeid
Plast er eit globalt problem. Hittil har 6,3 milliardar tonn plast blitt produsert og berre 9% av dette blir materialattvunne. Det betyr at 12 % blir brent og heile 79% hamnar på fyllingar og på avvegar og i naturen. Eit globalt samarbeid er nødvendig, og regjeringa foreslår blant anna at fleire land utarbeidar eigne nasjonale plaststrategiar, utviklar overordna kriterium for berekraftig plastproduksjon som dekkje heile livsløpet til plastprodukt, og krav til betre og auka avfallshandtering.
Det er positivt at strategien har eit fokus på globalt samarbeid, men eit spørsmålet blir korleis ulike land med dårleg økonomi skal kunne sette i gong ein til dømes ein auka og forbetra avfallshandtering.
Noreg har eit spesielt ansvar
Særleg land i Sør-Aust Asia og store delar av Afrika har enorme menger med søppel som hamnar på avvegar og i havet, å få bukt på dette vil krevje mykje ressursar som dei ofte ikkje har tilgang på. Noreg som drøyme om å vere ein ledande havnasjon har her eit spesielt ansvar til å bistå andre land med kunnskap men også finansielt. Summen regjeringa forslår på 1,6 mrd kroner er blitt kritisert for å ikkje vere nok. Naturvernforbundet og WWF har foreslått ein dobling av dette budsjettet for å kunne verkeleg vere ein framdrivar globalt.
Giftfritt krinsløp
Både regionalt og nasjonalt i Europa vil Noreg vere med på å styre produktrammeverket som EU er i gong med å utarbeide og vidareutvikle. I sær vil Noreg sette fokus på at produkt i all hovudsak skal kunne vare lenge, reparerast, sorterast, brukast om att, samt auke den delen av råvarer i produkt som er materialattvunnen. Dette skal sikre at produksjonen av plast skal i all hovudsak har eit giftfritt krinsløpa og unngå at farlege helse og-miljøstoff kjem inn i produksjonen.
Oppryddning av fiskeriredskap
Nasjonale tiltak er i store trekk basert på berekraftig plastproduksjon, berekraftig forbruk av plastprodukt, redusere mengder plastavfall som ikkje blir utnytta for materialattvinning, samt fortsette med arbeide med å hindre at plast hamnar i naturen.
Sistnemnde innebere også strengare tiltak mot tap av fiskereiskap. Mange av tiltaka regionalt og nasjonalt som blir satt søkelys på i strategien er viktige område, til dømes er det svært positivt at regjeringa skal sette strengare krav til oppryddning av fiskeriredskap. Men dessverre er det mange av tiltaka som blir fremma for lite konkretisert til at det kan skape handling. Dette gjer at strategien blir meir som ei oppsummering på teamet der ser ut til at regjeringa helst vil vente på prosesser i EU enn å ta rolla som føregangsland.
Unngår å ta opp produksjonen av plast
Vidare er kjernen i problemet, produksjonen av plast, noko som strategien unngår i stor grad å ta opp. Solberg sa i eit intervju til NRK etter lanseringa at «strandrydding er viktig, men viktigast av alt er å hindre at plasten hamnar i naturen». Men er det ikkje enda viktigare å bremse produksjonen av ny plast? Ved å bremse produksjonen av ny plast vil føre til mindre plast på avvegar samt vil det påverke produsentar til å lage plast som kan resirkulerast og dermed òg kutte klimagassutslepp frå både produksjon og avfallshandtering.
Alt i alt er det godt og vel at vi har ein fornya plaststrategi, men vil vi bli ein berekraftig havnasjon må vi nok tørre å ver meir frampå, meir bestemt og komme med fleire konkrete tiltak som faktisk gjer ein forskjell.