Ja til Bømoen som natur- idretts- og friluftsområde!

Signér underskriftskampanjen og hjelp oss å støtta opp om reguleringsplanen som vart vedteken i juni.

Svært mange har engasjert seg i framtida for Bømoen. Både enkeltpersonar, lag og politiske parti har lagt ned ein stor innsats for at området skal bestå som eit samanhengande og sentrumsnært natur- og friluftsområde. Og for mange er den delen av Bømoen som er regulert for idrett heilt avgjerande. 

Voss naturvernlag har alltid som mål å verne om naturverdiar og ta vare på mest mogleg natur. Vedteken reguleringsplan er eit kompromiss, men ein omkamp kan fort gjera resultatet verre for naturverdiane i Bømoen. Me vil i denne saka difor støtte vedteken reguleringsplan, men me støttar naturlegvis endringar som går i ytterlegare favør av natur og friluftsliv.

Ta vare på Bømoen

Ja, eg ynskjer å ta vare på Bømoen som natur-, idretts- og friluftsområde
Difor vil eg med dette støtta opp om reguleringsplanen som vart vedteken i juni.
Navn
Samtykke(Required)
This field is for validation purposes and should be left unchanged.