Naturvernforbundet klagar på manglande opprydding i Miljøservice Eide-saka

Naturvernforbundet har følgd verksemda til Miljøservice AS og den seinare tida Miljøservice Eide AS i fleire år. Etter Naturvernforbundet si oppfatning har det knapt skjedd betringar dei siste par åra. Vårt tålmod med denne verksemda har tatt slutt. Når vi ser at vilkåra blir brote og det ikkje skjer noka oppfølging er vårt tålmod også…

Vår klage gjeld følgjande punkt:

  • Manglande rydding av gamalt område
  • Manglande tett overflate på område for avfallshandsaming
  • Manglande kontroll med avrenning
  • Manglande avfallsflyt gjennom mottaket

Dette er krav det er heilt vanleg å stille til verksemder i avfallsbransjen, men som Miljøservice Eide ikkje har sett seg tent med å etterleve. I dette høvet på Eide meiner Naturvernforbundet det er fare for avrenning til miljøet utanfor verksemda sitt område. Like alvorleg er det at avfallsbransjen elles må konkurrere med ei verksemd som ser ut for å ta snarvegar som kostar mindre. Dette vil over noko tid føre til usunne tilstandar i resten av avfallsbransjen, og dette vil gå ut over miljøet ei rekke stader. Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les klagen til Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Oversendelse av kontrollrapport til Miljøservice Eide 19. november 2008

Miljøservice Eide – vidareføring av løyve 19. november 2008

Løyvet til Miljøservice Eide – revidert 19. november 2008

Klage til SFT på vedtak om tvangsmulkt – januar 2008

Bilde frå 11. mars 2007

Krav om granskning 19. mars 2007

Oppmoding til Naturvernforbundet 18. mars 2007

Brev om Miljøservice Eide 27. februar 2007

Opprop om miljøkriminalitet 4. mars 2007

Miljøservice Eide 20. juni 2009: Når utsleppsløyvet seier at det nye området ikkje kan takast i bruk før det har fast dekke og at avfallet skal sorterast og lagrast under tak, er det vel ein høveleg illustrasjon dette.