Naturvernforbundet er lei av hemmeleghald: Rauma Energi må svare Klagenemnda for miljøinformasjon
Naturvernforbundet har over lengre tid arbeidd med søknaden til Rauma Energi AS om opprusting av Verma kraftverk. For å redusere konfliktnivået har Naturvernforbundet kome med eit eige forslag til løysing for inntaket. Dette forslaget er sendt til Rauma Energi til kommentarar, men energiselskapet vel å hemmeleghalde rapportar som er viktige i vurderinga av forslaget til…
Naturvernforbundet sitt forslag vil berre gi marginalt lågare kraftproduksjon enn det Rauma Energi har søkt om, samstundes som naturinngrepa kan bli vesentleg lågare. Rauma Energi har i eit svar til NVE avvist forslaget til Naturvernforbundet. Rauma Energi meiner utgreiingar frå Norconsult er ei god grunngjeving for å avvise forslaget. Samstundes har Rauma Energi, til tross for fleire purringar, ikkje klart å sende over ein rapport frå Norconsult som dekker dei spørsmåla Naturvernforbundet har tatt opp.
Naturvernforbundet etterlyser ein rapport som seier noko om konstruksjonen av steinfyllingsdammen på nedsida av noveranda betonginntaksdam. Vidare bør det stå noko om kor steinen til denne dammen kan hentast. Dessutan saknar Naturvernforbundet informasjon om slukeevne, om kor mykje av arbeidet med dammen som kan gjerast medan kraftverket er i drift og om volumet på ny dam løyser isproblema. Alt dette er omhandla i søknaden Rauma Energi har sendt inn, opplysningane er neppe henta frå lause lufta.
Miljøinformasjonsloven gir alle rett til informasjon om natur, miljø og forureining. Både private og offentlege verksemder har plikt til å gi ut informasjon til dei som spør. Naturvernforbundet har fleire gonger klaga på manglande miljøinformasjon, og stort sett fått medhald kvar gong. Det er Klagenemnda for miljøinformasjon som tek avgjerd i slike saker.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
OPPRUSTING AV VERMA KRAFTVERK I RAUMA: STOPP UNDERGRAVINGA AV VERNEPLANEN FOR VASSDRAG!