Ny rapport stadfestar at olivinfuruskogen i Bjørkedalen må vernast

Etter at Naturvernforbundet i 2008 kravde vern av olivinfuruskogområda i Bjørkedalen i Volda, var det mange som engasjerte seg. For å få ei meir sams oppfatning om verneverdiane i området, blei grunneigarane og styresmaktene samde om å få gjennomført ei ny naturfagleg vurdering av området. Denne vurderinga ligg no føre, og ho stadfestar at det…

Rapporten «Olivinfuruskog og rødlistearter i Bjørkedalen, Volda: naturverdi og forvaltningsmuligheter» er skriven av T. E. Brandrud og gitt ut som NINA-rapport 461-2009. Han gjør greie for olivinfuruskog og kva som er spesielt med denne naturtypen.

Olivinfuruskogene i Bjørkedalen, Volda, utgjør eit av dei tre største og viktigaste kjerneområda for denne naturtypen i Noreg og Norden. Områda i Tjørnanakkane og Daurmålsnakken har særleg spesiell natur og er gitt høgaste verneverdi. Rapporten tek til orde for å sikre desse områda for ettertida. Når det gjeld forvaltning av verneområda, er det ulike løysingar for dei ulike områda.

– Denne rapporten stadfestar at Naturvernforbundet her har fremja ei viktig sak, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. – No treng vi ikkje fleire utgreiingar, no må styresmaktene skjere gjennom og sørge for at dette området blir verna.

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les NINA-rapporten

Ørsta kontaktar Direktoratet for naturforvaltning i forhold til olivinfuruskogen på Lekneset

Brev frå Bjørkedal skoglag 4. februar 2009