Naturvernforbundet med fråsegn til plan for idrett og friluftsliv i Surnadal
Surnadal kommune har lagt ut kommunedelplanen for idrett og friluftsliv til offentleg ettersyn hausten 2011. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har nokre kommentarar knytt til tilrettelegging av natur for opplevingar.
«Vi har merka oss målet om å motivera alle aldersgrupper til uteliv, der fokus for tilrettelegging er anna enn typiske idrettsaktivitetar (t.d. at eldre og uføre skal koma seg ut)» skriv Naturvernforbundet, som støttar dette såkalla lågterskeltilbodet, slik det er omtala i Samhandlingsreforma. Truleg vil dette innebera noko nytenking og omprioritering i høve til tidlegare opplegg. Naturvernforbundet spør likvel kva former for tilrettelegging det er ønskeleg å føre vidare.
Motorisert oppkjøring av skiløyper kan somme stadar kallast lågterskeltilbod, særleg i lett tilgjengelege område, men slett ikkje overalt. Naturvernforbundet ønskjer på ein nærare gjennomgang av dette i planarbeidet, ikkje minst fordi motortrafikk er konfliktfylt i høve til naturmiljøet. Eit moment er å avgrensa uro av vilt i ei årstid med knappe marginar.
Eit anna spørsmål som kan vere verdt ein gjennomgang er tilrettelegging av stiar for sommarbruk. Det har lenge vore ein trend at desse skal lagast universelle, eller i det minste så flate at dei kan skrapast slik at t.d. barnevognfolket kan bruke dei. Ein god tanke, men kva skjer når alle stiar og vegstubbar ser slik ut? Det er ein del menneske som har ulike lidingar i rygg og bein som gjerne skulle ha vore ute for helsa si skuld, dei kan til og med kome seg tilbake til arbeidslivet om dei får det til. Men dei tåler dårleg eller slett ikkje å gå etter jamn veg. Både skogsvegar og turstiar blir veldig ofte bygd der det før var ein småhumpete sti. Det er underleg at også universelt utforma veger ikkje kan brukast av alle, men slik er det, og det bør ein ta omsyn til slik at det framleis kan vere igjen nokre enkle turvegar.