Gjemnes: Naturvernforbundet vil ikkje ha oppdrett på Jåholmen
Lerøy Hydrotech AS har søkt Fiskeridirektoratet om å få etablere fiskeoppdrett ved Jåholmen på nordsida av Bergsøya. Naturvernforbundet meiner både friluftsinteresser og viltinteresser tilseier at Jåholmen bør halde fram å vere LNF-område. Naturvernforbundet går mot å gi dispensasjon frå kommuneplanen til føremålet.
Generelt meiner Naturvernforbundet oppdrett langs norskekysten bør avgrensast, fordi det er negativt for naturlege fiskestammar og for næringssituasjonen i havet generelt (gjennom overfiske av fisk til for).
Jåholmen ligg lengst aust i ei rekkje holmar på nordvestsida av Bergsøya. Dei få holmane som finst i fjordstroka på denne delen av Nordmøre er verdifulle både som landskapselement og som friområde for befolkninga. Dette er viktige grunnar for å unngå utbygging i slike område. Frå sjøsida står nordvestsida av Bergsøya fram så å seia utan inngrep, og det planlagde oppdrettsanlegget vil i stor grad øydelegga opplevinga av fri natur. Av slike omsyn er difor lokaliteten dårleg eigna for anlegget.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen