Jordkabel i Tingvoll – fråsegn frå Naturvernforbundet
Nordmøre Energiverk har søkt om konsesjon for jordkabel i Tingvoll-lia. Naturvernforbundet i Tingvoll har gitt fråsegn til saka.
Naturvernforbundet i Tingvoll er i si fråsegn til Norges vassdrags- og energidirektorat kritiske til mangelfulle naturmangfaldvurderingar i søknaden frå Nordmøre Energiverk AS.
Dessutan legg Naturvernforbundet vekt på å få sanert eksisterande luftspenn.
På nokre vilkår gir Naturvernforbundet si støtte til planane.