Rolleblanding?

Leiaren i rovviltnemnda region 6 er lite nøgd med Naturvernforbundet sitt engasjement for den todelte målsettinga i rovviltforvaltninga, les vi i svaret vi har fått.

Så langt har vi oppfatta rollene slik at rovviltnemndene skal forvalte rovviltet slik at dei fire store rovdyra framleis skal kunne overleve i norsk natur på lang sikt. Så skal ein sjå til at skadene på husdyr og tamrein blir minst mogleg.

Naturvernforbundet er ikkje eit forvaltningsorgan, men derimot ein interesseorganisasjon. Så langt vi er kjent med har vi rett til å velje om vi vil vektlegge ein del av dette. Viss vi forstår Toril Melheim Strand rett at ho no pålegg Naturvernforbundet å tale saueeigarane sin sak, er vi spent på om ho også vil pålegge saueeigarane å tale jerven og gaupa sin sak? Det kunne ha vore interessant.

Naturvernforbundet sine fylkeslag i Midt-Noreg har møtt opp som tilhøyrar på rovviltnemnda sine møte. Dette for lettare å forstå kva som foregår, i staden for å prøve å lese mellom linene i møteprotokollen. På desse møta har vi aldri vore aleine som tilhøyrarar. Beitenæringa møter oftast med ein god del representantar. Dei talar for si eiga næring. Naturvernforbundet har berre utgifter med å møte opp, men vi slepp å ta med matpakke i alle fall. Men vi gjer det for å forstå breidda i rovdyrspørsmåla. Og når beitenæringa sine mange representantar får ordet, så får vi det også. Det blir oftast Naturvernforbundet på den eine sida og resten på den andre.

I forvaltningsplanen som gjeld Trollheimen og jerven står det også at byrdefordelingsprinsippet skal praktiserast slik at Møre og Romsdal skal ta meir ansvar for gaupa, slik at indre Nord-Trøndelag kan sleppe litt lettare, sidan dei har bjørn. Det første som skjer etter at forvaltningsplana er revidert er at fylkesmannen i Møre og Romsdal først gir løyve til å felle ei gaupe og så ei til i Surnadal. Når tamreindrifta i indre Nord-Trøndelag får behov, skal det bli spanande å sjå korleis det går med kvota på til saman 4 gauper fram til februar neste år og målsettinga.

Elles fortel tilsendt materiale om gaupeførekomstane i Midt-Noreg at Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag ligg omtrent på fastsett målsetting. I Nord-Trøndelag er det derimot meir gaupe enn det fastsette yngletalet. I Naturvernforbundet si klage sist på gaupekvotene peika vi nettopp på denne tendensen og hadde eit konkret forslag til omfordeling slik at nemnte byrdeforskyving kunne få litt drahjelp. Det veit vi tamreinnæringa i Nord-Trøndelag sette pris på.

Når det gjeld plassen til rovdyra i norsk natur er det to hovudomsyn. Det eine er at arten skal overleve. Det omsynet har folk flest forstått, sjølv om innhaldet i praktiseringa blir mykje diskutert. Det andre omsynet er at nokon har behov for å bli oppetne i eit økosystem. Rovdyra er der ikkje berre fordi dei skal vere der, men dei har ein funksjon. Utan rovdyra vil ein over tid få ei uheldig utvikling. Ein del artar vil det då bli mange av, og det kan også vere at svake dyr som helst ikkje skulle ha fått levere genane sine vidare likevel får det.

Det er sjølvsagt synd at rovdyra et husdyr. Men det ligg i saka si natur. Når vi menneske i staden for å løpe etter hjorten heller vil ha det litt meir lettvint og held oss med husdyr som er lettare å fange, då må vi nok rekne med at rovdyra også opplever det slik. Då har vi ikkje anna å gjere enn å passe betre på husdyra våre.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal