Resirkulering er ikkje alltid bra
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
LO i Sunndal har hatt årsmøte og her har dei tydelegvis resirkulert ei fråsegn dei har vedtatt før. Naturvernforbundet er positive til resirkulering og gjenvinning, men ikkje av faktafeil.
Når LO i Sunndal skriv at Noreg må byggje gasskraftverk fordi det vil redusere dei globale utsleppa av klimagassar, så er dette noko LO ønskjer, ikkje noko som skjer.
Når LO i Sunndal skriv at Noreg i eit normalår må importere kol- og atomkraft, så skriv dei mot betre vitande. Til vanleg er Noreg ein nettoeksportør av elektrisk kraft til andre europeiske land. Dei gangane vi på grunn av lite nedbør importerer kraft, er det ikkje gitt at denne krafta er kol- eller atomkraft. Vi importerer også vasskraft.
I staden for å arbeide for auka bruk av gass og dermed auka klimagassutslepp, kunne Naturvernforbundet ønskje seg eit LO som arbeider for betre bruk av elektrisk energi gjennom energisparing og energifrigjøring. Elektrisk kraft er nødvendig i mange industriprosessar, men å nytte ho til oppvarming er rein sløsing. Gjennom å nytte ved og andre bioressursar til oppvarming kan vi frigjøre elektrisk kraft til beste for framtida.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet