Utvida høyring søknad om midlertidig nedtapping av Svartevatna – Vartdal – Ørsta kommune
Kort fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Situasjonen som er skildra i søknaden gir ikkje så mange val. Naturvernforbundet sitt lokallag i Ørsta og Volda saman med Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har ikkje merknad til løysinga i den akutte situasjonen. Men vi ønskjer at det blir sett nokre vilkår:
1. Forbruket av vatn til kraftproduksjon må vurderast på nytt slik at ein tar omsyn til at vatnet som er regulert held for pårekneleg forbruk også i vintre som i år.
2. Viss vassforbruket er for stort t.d. ved oppdrettsverksemda slik at forbruket uansett blir for stort i vintre som no, må opprettsverksemda eller anna forbruk tilpassast den faktiske tilgangen på vatn.
3. Manøvreringa til våren når det blir fylling av magasina må gjerast slik at normaltilstand innanfor konsesjonsvilkåra blir nådd så snart som råd.
Med helsing
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
—– Original Message —–
From: Verlo Magne Geir
To: ‘moreromsdal@naturvern.no’
Sent: Friday, February 19, 2010 12:01 PM
Subject: Utvida høyring søknad om midlertidig nedtapping av Svartevatna – Vartdal – Ørsta kommune
Naturvernforbundet i Møre og R
Øystein FoldenOversender vedlagde brev og søknad. Dersom de har merknad bed vi om at saka blir prioritert.
Helsing
Magne G. Verlo
Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 536801 FØRDE
E-post: mgv@nve.no
Telefon: 57 83 36 70
Mobil: 950 80 350
Internett: nve.no
NVEs hovedkontor har ny besøksadresse fra 10. august 2009: Drammensveien 211, Oslo NVE’s new visiting address from August 10, 2009: Drammensveien 211, Oslo