Naturvernforbundet klagar på helikopterløyve i samband med filminnspeling i Eikesdalen
Eikesdal Bygdalag har søkt om å få lande med helikopter på fleire av fjelltoppane innanfor Eikesdalen landskapsvernområde. Føremålet med landinga er ei filminnspeling om basehopping. Rådmannen i Nesset innstilte på avslag, men politikarane har gitt Bygdalaget løyve til inntil 12 landingar på Katthammeren, Vikesaksa og Bjørktind.
Naturvernforbundet meiner politikarane si vurdering av dei negative konsekvensane av å gi løyve til helikopterlandingar inne i eit verna område ikkje er grundig nok til å oppfylle krava i naturmangfoldloven. Naturvernforbundet klagar difor på vedtaket og ber om at det ikkje blir gitt løyve til å lande på Vikesaksa og Bjørktinden.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Klagen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Nesset kommune