Kryssløysing E39 Digernesskiftet – tilhøvet til biologisk mangfold
Epost til Statens vegvesen og Skodje kommune med spørsmål om vurderingar av verknader for biologisk mangfold av omlegging av Svortaelva.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er kjend med at det er arbeid med utviding av Digernesskiftet. I pressemeldinga frå Statens vegvesen 20. oktober 2010 blir det mellom anna sagt at Svortaelva skal omleggjast.
I Naturbase er delar av området registrert som eit verdifullt område, og sjølve elva er etter det vi kan sjå registrert som leveområde for artar på raudlista. Ut frå reguleringskartet (http://webhotel2.gisline.no/gislinewebinnsyn_mor/Map.aspx?srs=EPSG:32632&x=6931948,875&y=379002,785&scale=200001&plugin=no&mapTheme=grunnkart&knr=1529), kan det sjå ut til at det er lagt opp til inngrep som kan vere kritiske. Naturmangfoldloven (lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold – sjå http://www.lovdata.no/all/nl-20090619-100.html) gir truga artar eit sterkare rettsvern enn tidlegare.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har tidlegare vore kritisk til miljøoppfølginga i anleggsverksemda til Statens vegvesen Region Midt. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ber no om å få oversend miljøoppfølgingsprogrammet for den aktuelle utbygginga, med kopi av dei undersøkingane og dei vurderingane Statens vegvesen har gjort i høve funna i Naturbase.
På same måte ber Naturvernforbundet Skodje kommune om å sende over kopi av reguleringsplanen for prosjektet, med dei vurderingane som her er gjort, før og etter vedtak, i høve biologisk mangfold og tilhøvet til naturmangfoldloven.
Dokumenta kan sendast på epost til moreromsdal@naturvern.no eller til fylkesleiar Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Frå http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Nyhetsarkiv/Lokalt/Region+Midt/Oppstart+for+toplanskryss+p%C3%A5+Digernesskiftet.180575.cms
Oppstart for toplanskryss på Digernesskiftet
Det er nå klart for byggestart av toplanskryss på Digernesskiftet på fylkesveg 661/E39. Det er en komplisert kryssløsning som nå skal bygges, hvor det er lagt stor vekt både på trafikksikkerhet og framkommelighet. [20.10.2010]
Toplanskrysset består av en tre-spenns spennarmert platebru i betong med en total lengde på 52,4 meter, og tilhørende på- og avkjøringsramper, samt akselerasjons- og retardasjonsfelt. I tillegg skal vi bygge en firearmet rundkjøring og kollektivknutepunkt med parkeringsareal, samt gang- og sykkelvegforbindelse fra sør/vest over brua og langs fylkesveg 661 i nord.
Digerneskrysset – første byggetrinn
Byggetrinn 1 består av forberedende arbeider for bygging av nytt kryss. Det omfatter etablering av omkjøringsveg i byggeperioden, omlegging av Svortaelva og masseutskifting for fundament til ny bru.
Arbeidet med første byggetrinn starter i midten av oktober og det er Rano Anlegg AS har fått oppdraget.
Trafikantene må regne med noen trafikkhindringer under bygginga av omkjøringsvegen. Det kan også bli behov for signalregulering av trafikken undervegs.
Digerneskrysset – byggetrinn 2 og 3
Byggetrinn 2 og 3 omfatter nytt kryss med av- og påkjøringsramper, bru over E39, gangveger, rundkjøring på fylkesveg 661, ny arm til industriområdet, kollektivknutepunkt og nytt kryss for tilkobling til fylkesveg 107.
Her gjenstår det noe detaljplanlegging, men arbeidet blir utlyst før nyttår med oppstart i februar/mars 2011 – både for brubyggingen og selve krysset.
Nøkkeltall Digerneskrysset
- Optimal byggetid: 1½-2 år
- Dimensjonerende hastighet: 80 km/t
- Dimensjonerende ÅDT (gjennomsnittelig årsdøgntrafikk): 10 000
- Dagens ÅDT: 8 500
- Vegtype/vegstandard: S3 for E39
- Vegbredde: 10,0 meter for E39 + ekstrafelt i kryss
- Plannivå: Reguleringsplan/byggeplan
- Nøyaktighetskrav for kostnadsoverslaget: +- 10 %
- Kostnad Digernesskiftet: 60,5 mill 2009-kroner
Stettetunnelen
Stettetunnelen på fylkesveg 661 er under planlegging og sannsynlig byggestart er mars/april 2011. Arbeidet lyses ut i to entrepriser; sprenging og tilkomst til forskjæringene i den første entreprisen, og bygginga av tunnelen, veger og brubygging, samt elektro i den andre.
Nøkkeltall Stettetunnelen
Stettetunnelen består av 1 240 meter ny veg fordelt på:
- 380 meter tunnel, klasse C, profil T9,5
- 540 meter ny fylkesveg i dagen, klasse S2
- 320 meter ny veg for tilpasning mot gamlevegen
- Betongbru/undergang for lokal-/GS-veg med bruspenn på 16 meter
- Byggetid: 1 ½ år
- Dimensjonerende hastighet: 80 km/t
- Dimensjonerende ÅDT (2030): 4 700
- Dagens ÅDT: 2 900
- Kostnad Stettetunnelen: 59,5 mill 2009-kroner
Rehabilitering Skodjebruene
Rehabilitering av de gamle Skodjebruene er også under planlegging, og vi antar at oppstart på rehabiliteringa blir i mai 2011.
Kontaktpersoner:
Prosjektleder Richard Lunheim, mobil 908 73 526
Assisterende prosjektleder Kristina Nevstad, mobil 951 43 942
Byggeleder Digerneskrysset Arne Leikanger, mobil 915 76 599
Byggeleder Stettetunnelen Ingar Walbø, mobil 908 62 157
Frå http://dnweb12.dirnat.no/nbinnsyn/asp/faktaark.asp?iid=BN00021681
Naturbase dokumentasjon Biologisk mangfold
BN00021681, Svorta: Svortavikbekken
Kommune
Skodje
Områdebeskrivelse
Generelt: Svortavikbekken renn frå Svortavatnet, ned til Svortaviktjønna, og vidare derifrå ned til sjøen. Det avgrensa området går ned til demninga ved utløpet av Svortaviktjønna. Tjønna er rik på vassvegetasjon, og myra rundt ho er skikkeleg blaut og gyngande. Avgrensinga følgjer kantvegetasjonen etter berghamrane og myra i samband med tjønna, og etter bekken bør det vere ei buffersone som er minst 10 m brei heilt opp til Svortavatnet. Buffersoner etter elver og bekkedrag tener m.a. som filter i høve til avrenninga frå omgjevnaden, og i dette tilfellet gjeld det særleg frå europavegen.
Vegetasjon: Flyteblad- og vassengvegetasjon (storrenger), noko torvmose (Sphagnum) i kantane. Langs bekken er det skog på nordsida av vegen til terrenget opnar seg ved Svortaviktjønna, fattigmyr og skog på hi sida mot Svortavatnet.
Kulturpåverknad: Anleggsarbeid vart utført på Europavegen (i 1995), det er uklårt om dette har hatt nokon innverknad på det biologiske mangfaldet i elva, då rundt 100 meter av bekken vart kanalisert.
Artsfunn: I Svortavikbekken finst raudlisteartane kongeaugestikkar (R) og elvemusling (V). Av elvemusling vart det i 2002 funne 5-6 individ mellom Svortaviktjønna og Europavegen. Kongeaugestikkaren held seg helst nedstrøms Europavegen, men eit fåtal vert av og til sett på hi sida framover mot Svortavatnet. Elles er det også her funne 12 augestikkarartar til no, og til liks med dei andre omtala områda, burde her vere potensiale for fleire. Registrerte artar: brun augestikkar Aeshna grandis, vanleg augestikkar Aeshna juncea, vanleg blåvassnymfe Coenagrion hastulatum, kongeaugestikkar Cordulegaster boltoni, stor blåvassnymfe Enallagma cyathigerum, vanleg metallvassnymfe Lestes sponsa, lita torvlibelle Leucorrhinia dubia, fireflekk-libelle Libellula quadrimaculata, raud vassnymfe Pyrrhosoma nymphula , myr-metallaugestikkar Somatochlora arctica, vanleg metallaugestikkar Somatochlora metallica, svart haustlibelle Sympetrum danae. Elles finst frosk og padde. Også småaure og stingsild. Av vassplanter er det notert kysttjønnaks, krypsiv, bukkeblad, grøftesoleie, sumphaukeskjegg, engstorr, elvesnelle, flaskestorr. I Svortaviktjønna fanst flaskestorr, kvit nøkkerose, torvull, duskull, myrmaure og tusenblad. Det vart funne vårbekksopp på ved i bekken.
Verdsetting: Området blir verdsett til A (svært viktig) på grunn av at det er eit velutvikla viktig bekkedrag med rike augestikkarførekomstar, særleg den raudlista kongeaugestikkaren, og dessutan bestand av eit fåtal levande elvemusling, som står i høgare raudlistekategori (V) og dessutan er freda.
Omsyn/skjøtsel: Ein bør unngå alle fysiske inngrep i og rundt tjønna. Bekken må takast vare på heilt opp til Svortavatnet, og ein må unngå tiltak i vassdraget som skapar grums i vatnet. Elvemuslingen er freda og må få vera i fred.
Naturtyper Naturtype Viktig bekkedrag Utforming Verdi Svært viktig Stedkvalitet Særs god Dato registrert 06.06.2002
Andre opplysninger Totalareal 57 daa
Kilder Navn Årstall Tittel Link Kildetype Holtan, D. 1999 Biologisk mangfald i Skodje. Rapport nr. 4. 67 s. Litteratur Jordal, J. B. & Holtan, D. 2005 Kartlegging av naturtypar i Skodje kommune. Rapport J. B. Jordal nr. 3-2005. 88 s. + kart. ISBN 82-92647-03-1. Litteratur
Kartutsnitt