Naturvernforbundet kritisk til vindmålingar på Rognskogfjellet i Halsa
Naturvernforbundet har gitt fråsegn til planane om å sette opp ei vindmålemast på Rognskogfjellet i Halsa kommune på Nordmøre. Området er eit prioritert inngrepsfritt naturområde med ein berggrunn som ofte gir grunnlag for stort artsmangfald. Naturvernforbundet er difor kritisk til planane.
Naturvernforbundet meiner master av denne typen primært bør setjast opp utanfor inngrepsfrie naturområde. Det er også viktig å vurdere mastefundament og bardunfeste konkret i forhold til vegetasjon og fugleliv.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen