Naturvernforbundet fekk medhald i klaga på avvising

Volda kommune har slått retrett og aksepterer no at Naturvernforbundet har klagerett i saka om traktorveg i Tjørnanakkane. Dette har Volda kommune varsla Naturvernforbundet i Møre og Romsdal om i ein epost. Klagen blir behandla i forvaltningsstyret i Volda 4. mars.

Innhaldet i eposten, som vart sendt 19. februar 2008, er:

Hei!

Til orientering for naturvernforbundet:

Den 15. februar oversende eg ein e-post til fylkesskogmeister Gustav Holmen, med m.a. slik tekst om denne vegsaka:

Takkar for oversend kopi av tidlegare sak om landbruksveg i Skodje kommune; det var opplysande for meg!

Når det no gjeld skogsvegsaka «vår», reknar eg med at kommunen tek naturvernforbundet si klage opp til behandling i forvaltningsstyret, som er det politiske utvalet for landbrukssaker. Dersom klaga ikkje vert imøtekomen i kommunen, vil den verte oversend til fylkeslandbruksstyret etter vanlege reglar for klagehandsaming. Vi prøver å få saka fram i nemnde utval i f.k. møte, som er fastsett til 4. mars.

Vonar dette verkar roande for naturvernforbundet!

Mvh Svein Snipsøyr Landbrukssjef
Volda kommune

Direktetlf.: 70058792. Mob.nr. 94872888 Faxnr.: 70078036 E-post: svein.snipsoyr@volda.kommune.no