Naturvernforbundet med mange forslag til energi- og klimaplanen for Nesset
Nesset kommune har eit framlegg til energi- og klimaplan ute på høyring no i førjulstida. Naturvernforbundet har gått gjennom planforslaget, og kjem med ei rekke forslag til tilleggstiltak.
Naturvernforbundet fokuserer særleg på energisparing. Her har Nesset kommune, gjennom å gå foran og innføre nokre tiltak, høve til å sikre innbyggjarane eit betre tilbod om sparetiltak. Dette gjeld sjøvassbaserte varmepumpe, men også solfangaranlegg. Naturvernforbundet meiner også det er grunnlag for eit mykje betre kollektivtilbod på enkelte strekningar i Nesset. Samstundes peikar Naturvernforbundet på at både oppdyrking av myr og omfattande granplanting er dårlege klimatiltak.