Miljøservice – kva no?
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Miljøservice AS i Eide er konkurs. Det er lite middel i buet og mykje gjeld, får ein høyre. At nokon kjem til å tape pengar på denne konkursen må ein berre rekne med. Kring 1.000 tonn med avfall ligg også igjen. Kvifor har dette avfallet hopa seg opp? Kva vil skje med det avfallet?
For Naturvernforbundet ser det ut som om Miljøservice AS har konkurrert ut ein del andre på pris, dratt med seg avfallet til industriområdet sitt, sortert ut det som er lett å sortere og omsette, og så lagra resten på industriområdet sitt (og andre sin grunn). I avfallsstatistikken dei har levert årleg har dei så ført opp sams avfall som sortert avfall i ulike kategoriar. Det usorterte avfallet ligg der, og før eller seinare må vel offentleg mynde rydde det opp. Slik kan det ikkje halde fram.
Det er tid for å tenkje på framtida. Handsaming av avfall må vi ha. Det er viktig at avfallshandsaming blir drive seriøst. Er det slik som Naturvernforbundet trur har det vore ganske umogleg for seriøse å konkurrere med Miljøservice AS. Naturvernforbundet ønskjer seriøse aktørar i avfallsmarknaden. Området som Miljøservice AS har brukt må ryddast til botn og eventuell framtidig drift må følgje opp dei offentlege krava til slik verksemd på ein heilt annan måte enn det vi har sett av Miljøservice AS.
* avfallsflyten gjennom anlegget må ned i 1 veke til vanleg
* ukurant avfall må avhendast
* økonomisk garanti for at anlegget kan ryddast ved opphøyr må på plass
* avfall som kan vere grave ned i anlegget må kartleggast og ordnast opp i
* avfall som fyk med vind og fugl i nabolaget må ryddast
* tiltak mot skadedyr må på plass
* prøvetaking av avløpsvatn må på plass
* området må gjerdast inn
Øystein Folden,
leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen