Ta kontroll over småkraftutbygginga
Norges Naturvernforbund, samla til landsmøte i Bergen 21.-23. august, krev at regjeringa legg fram ei stortingsmelding med vurdering av småkraftutbygginga i Norge.
Naturvernforbundet ser med uro på den ukontrollerte kraftutbygginga i små og mellomstore vassdrag. Mange av desse vassdraga representerer store verdiar i form av biologisk mangfald, fiske og naturoppleving, som vil gå tapt dersom kvart einskild vassdrag vert konsesjonsbehandla enkeltvis som no, utan å bli sett i samanheng.
Denne gradvise utbygginga fører til at over 90 prosent av konsesjonssøknadene får grønt lys av godkjenningsorganet NVE. For kraftverk under 10 MW er det heller ikkje like strenge krav til konsekvensvurderingar som for større vassdrag, og det gis eit falskt inntrykk av at dette er ei miljøvenleg energiform. I realiteten tørrlegg utbyggingane store elvestrekningar og påfører landskapet andre varige skadar i form av røyrgater, anleggsvegar og inntaksdammar. Raudlisteartar blir berørt, og nasjonalfuglen fossekall blir sjeldan i fleire område.
Soria Moria-erklæringa varsla fylkesvise planar for bygging av småkraftverk, som skulle sikre at naturmangfald, friluftsinteressar eller store landskapsverdiar ikkje går tapt . Slik skulle dei gode prosjekta få godkjenning medan dei med store konsekvensar for naturverdiane blei stoppa.
Men dette er ikkje følgd opp etter intensjonane. Fleire fylke har ikkje starta arbeidet med slike planar. I andre fylke har vi fått utbyggingsplanar som berre gir fylkespolitikarane eit ”grønt alibi”, men som i praksis opnar for storstilt kraftutbygging. Dessutan bør og kommunane utarbeide planar.
Det er naudsynt med overordna, nasjonale føringar for ein småkraftpolitikk som sikrar naturverdiane på ein langt betre måte enn i dag. For å unngå ei ukontrollert utvikling krev Naturvernforbundet at alle nye konsesjonssøknader for småkraft må leggjast på is til dei nasjonale føringane ligg føre. Alle planer om småkraftverk må leggast på is til nasjonale føringar og fylkeskommunale og kommunale planer ligg føre.
Landsmøtet ber Stortinget syta for at ein ikkje lenger tillet mindre kraftverk i vassdrag som allereie er verna. Slike utbyggingar har fått eit omfang som truar med å uthole vernet i fleire vassdrag og er i strid med Stortingets føresetnad om at utbyggingane ikkje skal gi vesentlege inngrep i naturen.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen