Naturvernforbundet ber Tingvoll kommune om å seie nei til helikopter i utmark

Naturvernforbundet har fått til uttale ein søknad til Tingvoll kommune frå Aktivum Midt-Norge/Field productions om landing på fjelltoppar i samband med filmproduksjon til promotering av reiseliv i regionen.

I oversendinga skriv Tingvoll kommune:

«Det er Sunndal kommune som har bortimot alle omsøkte fjelltopper i sin kommune, men vi ”deler” to topper med Sunndal som det  søkes om å få lande på (Flånebba og Smisetnebba). Det søkes om å få lande inntil to ganger per topp, innenfor en periode på 5 dager. Flygingen er planlagt i perioden 10.2 – 26.4 (3. påskedag). Sunndal har kjørt en runde med forberedelser i ”Verneområdestyret for Trollheimen og Innerdalen LVO,” Minilldalsmyrene og Svartåmoen NR” og ”Forvaltningsstyret for Dovrefjell-Sunndalsfjella”. Politikerne i Sunndal har lagt føringer for å godkjenne henvendelsen.

I utgangspunktet er dette kanskje en periode hvor støyforstyrrelser ikke påvirker vilt og fugleliv mest, og oppe på fjelltoppene er kanskje ikke det verste stedet å lande, men det kan være greit for kommunen å høre hvilket syn Naturvernforbundet lokalt har på henvendelsen. For å finne dokumentasjonen som er sendt inn, kan Tingvoll kommune sin postliste sjekkes med arkivnr. 2011/190 eller Sunndal kommune sin postliste med arkivnr. 2011/89. Der ligger alle dokumenter i saken.»

Fråsegna blir gitt av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i forståing med Naturvernforbundet i Tingvoll. Dette som følgje av at desse sakene har store fellestrekk for heile fylket. Denne sakstypen er ganske komplisert, då det er mange tema innblanda, og det er omsyn som følgjer fleire lovverk.

Område fri for støy
Naturvernforbundet i Tingvoll har tidlegare sendt brev med tittel «Behov for stille område». Dette er det ikkje kome svar på. Brevet påviser at det er berre 5 moglege stille område i kommunen, og at fleire av desse heller ikkje held fullgod kvalitet. Søknaden vil kunne påverke eit av desse stille områda, i Viddalen. Nemnte brev bør takast med i vurderinga av denne saka.

Stille område er viktig både for friluftsliv og for dyr og fuglar.

Det er ofte samanfallande interesser for det enkle friluftslivet og snøbrettkøyrarane når det gjeld tidspunkt for bruk: gode snøtilhøve og godt ver får båe gruppene ut, men dei som driv enkelt friluftsliv i stille område blir regelrett skvisa av den andre brukargruppa i slike høve som dette. Det hjelper lite at det berre dreier seg om nokre timar med konflikt, når ein ikkje veit tidspunktet på førehand, men får eit datospenn som er relativt langt. Det kan bøtast litt på dette om ein berre gir løyve måndag til torsdag og dessutan held unna ferieperiodar, men dette er ikkje tilstrekkeleg i dette høvet.

Dyr og fuglar kan bli dobbelt berørt. Både direkte av motorferdselstiltaket med filmverksemda, og i form av at dei som driv enkelt friluftsliv rømmer frå dei vanlege områda og inn i andre område der fugle- og dyreliv til vanleg får vere i fred.

Tingvoll kommune har lite areal av den typen som søkar er interessert i. Det arealet som finst bør kommunen forvalte som ein svært avgrensa ressurs, noko som i dette tilfelle tilseier at ein seier nei. Søkar har søkt på hundrevis av landingsstader i fleire dusin kommunar og vil ikkje bli opprådd om dei ikkje får løyve til å lande på alle desse stadene.

I andre kommunar som har meir av denne typen areal har Naturvernforbundet rådd til at kommunen gjer ein gjennomgang av slike areal. Viss ein vel ut alpine areal som frå før er påverka av trafikkårer, fjordtrafikk, bergverk, alpinanlegg osb. og gir løyve på slike stader, bør ein la vere i resten av kommunen. Særleg bør ein halde unna dei såkalla urørtområda i INON-basen. Såleis vil ein kunne gi søkar ein del av det dei er ute etter, og samtidig sjenerar ein i mindre grad andre interesser. Ei slik «ordning» av ulike interesser og omsyn er det heimel til i naturmangfoldloven §12.

Naturmangfald
Når det gjeld Smisetnebba har vi ikkje akkurat mistanke om at det er rovfugl som blir direkte berørt. Flånebba derimot ligg slik til at rovfugl kan hekke i lisida ned mot Sunndalsfjorden. Ein del av dei aktuelle hekkefuglane er alt no knytt til hekkeplassen, og kan følgjeleg bli forstyrra av verksemd utanom det vanlege. Naturvenforbundet er ikkje mellom dei som har tilgang til slike opplysningar, men kommunen skal ha oversyn og må bruke dette. I mangel av godt oversyn skal ein
praktisere føre var-prinsippet i naturmanfoldloven § 9. Jo meir mangelfull kunnskapen er, jo større marginar skal ein ha når avgjerder blir gjort.

Andre moment som vi meiner det kan vere rett å nemne:

Sumverknad
Denne typen søknader har det blitt såpass mange av etter kvart at stille og rolege høgalpine strøk blir påverka ein del. Det er mogleg at omfanget tar til å bli skadeleg. Vi ser denne typen søknader årleg i 5-10 kommunar i Møre og Romsdal, dvs. stort sett alle dei som har aktuell arealtype, og det kan vere fleire søkarar i same kommunen. Dette har gått føre seg sidan vinteren 2006, kanskje før. Vi registerer også at same type søknader finst i fleire andre fylke. Sumverknaden er difor eit moment, jf. naturmangfoldloven § 10.

Elles kan ein jo stille spørsmålet om eit så permanent «behov» gong etter gong skal løysast med dispensasjon. Det er også tid for at forskriftene til motorferdselsloven går laus på dette.

Fylkesmannen har vore inne på dette alt i 2007 (Avgjerd av 12.6.2007 vedkomande ei klagesak i Rauma kommune. Truleg finst formuleringa også i andre avgjerder dette året.), og etter den tid har det vore ytterlegare ein del søknader av denne typen.

Kommunen sitt ansvar for det enkle friluftslivet
Stortinget har ved alle høve uttalt at det enkle og lite tilrettelagde friluftslivet er viktig og skal prioriterast. Dette gjeld også utanfor Stortinget, og ikkje minst i spektakulære høgfjellsområde. Eit ja til søknader om helikopterlandingsløyve vil samtidig vere nei til ein del av innhaldet i det enkle friluftslivet.

Naturvernforbundet sendte i 2007 ein «skitursøknad» til nokre kommunar der vi ba om å få løyve til å oppsøke stille område. Då sa mellom anna ein sjølverklært jakommune høgt og tydeleg nei. I ein annan kommune fekk vi til svar at noko slikt løyve kunne vi ikkje få fordi det ikkje er nokon heimel til det. Det er heilt rett observert. Denne kvaliteten kan ein berre ha ved ikkje å gi løyve etter motorferdselsloven. Difor er det viktig at ein ikkje gir løyve som gjeld viktige delar av ein kommune, over eit lengre tidsrom og i store delar av veka.

Momentet med reklameeffekt for å få folk til kommunen har vore lagt vekt på i alle åra desse søknadene har vore. Ein skulle no tru at reklamen har virka. Då skulle vi ha fått ei auke av byfolk og utlendingar som kjem til norske fjell for å bruke dei unike moglegheitene vi har. Andre har like bratte fjell som oss, men få har stille og spektakulære fjell på ein gong, det er det som ligg i unikt. Det verste ei slik kundegruppe kan oppleve er at varen ikkje blir levert når dei er der. Går dei tur på
desse stadene dei har sett i filmane og så blir forstyrra av eit helikopter som lager reklamefilm, då har dei grunn til å krevje pengane tilbake. Det ville ha blitt ei dårleg marknadsføringssak som hadde gått i avisene verda over. Men det er mogleg filmane ikkje har fått fleire til å bruke våre unike fjell? I så fall kan det vere at reklamen sel fleire friluftsmagasin i staden, og då får gjerne ikkje kommunen så mykje ut av det.

Kommunen sitt ansvar for stille område
Gjennom «Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442)» er kommunane pliktig til å gjere vurderingar i samband med saker etter plan- og bygningsloven.

I kap. 3.5.2 står det om «Etablering av ny støyende virksomhet»:

I større upåvirkede naturområder, som for eksempel nasjonalparker, naturområder i fjellet og kjerneområder i bymarker er all hørbar fremmed lyd i prinsippet uønsket.

Ved etablering av ny støyende virksomhet bør det synliggjøres i hvilken grad virksomheten vil berøre natur og friluftsområder støymessig:
–  hvor stor del av tiden/hvor ofte vil natur- og friluftsområder i de ulike kategoriene bli utsatt for støynivåer over de anbefalte grenseverdiene.
–  når den støyende virksomheten pågår

Kommunen bør vurdere støybelastningen ved ny virksomhet opp mot hvilken karakter de berørte områdene og bruken av disse har.

Når noko er «i prinsippet uønsket» forventer Naturvernforbundet at kommunen i alle fall gjer ein del vurderingar knytt til dette temaet, sjølv om altså desse retningslinene gjeld etter eit anna lovverk.

Kommunen sitt ansvar for påverking av areal i nabokommunar
Sunndal kommune som har fått denne søknaden opphaveleg har ved å sende saka over til Tingvoll kommune passa på nabokommunen sine rettar og skal ha ros for det. Det ville vere synd om ein kommune er restriktiv i dette spørsmålet og nabokommunen ikkje tar omsyn i det heile.

Motorferdselloverket løyser denne utfordringa dårleg, så her må gode grannar tale med kvarandre sjølv om det ikkje er krav om det i lova. Det ligg elles føringar i fylkesplanverket med omsyn til prioriterte friluftsområde og urørtområde som også kan vere eit moment i ein del kommunar.

Konklusjon:
Det er mange argument for å seie nei til søknaden. Naturvernforbundet ber difor Tingvoll kommune om å seie nei til denne typen verksemd i det aktuelle området.