Forum for natur og friluftsliv vil ikkje ha helikoptersightseeing i Rauma
Nord-Helikopter vurderer å søkje konsesjon for helikopterlandingsplass ved Trollstigen Gjestegård. Forum for natur og friluftsliv (FNF) har vurdert søknaden og rår kommunen til å seie nei.
FNF legg i fråsegna si til grunn at lovverket i Norge er laga for at naturen skal vere fri for motorferdsel med unntak av berre dei mest samfunnsgavnlege behov. Når ei verksemd med formål “ikkje-nyttig” finn stad år etter år med dispensasjon er dette utholing av lovverket. Skal ei slik framferd godtakast, skal det skje etter lovendring i Stortinget og ikkje etter unnataksvurderingar i kommunane. Løyva som er gitt fortrenger anna verksemd, både når det gjeld friluftsliv og næring.
Rauma kommune har etterkvart opparbeidd seg eit nasjona status innan friluftsliv med den største friluftssamlinga i landet – Fjellfestivalen. FNF vonar Rauma kommune er seg bevisst det ansvaret kommunen har for å føre vidare dei gode norske friluftstradisjonane basert på ein ikkje-motorisert ferdsel i norsk natur. FNF vil gjerne bidra til arbeidet med Fjellfestivalen, men vår deltaking er avhengig av om Rauma kommune har ein restriktiv haldning til motorisert ferdsel knytt til rekreasjon i norsk natur.
Forum for Natur og Friluftsliv synes det er viktig å sikre eit ikkje-motorisert friluftsliv i Noreg for framtida, og det er viktig at reiselivssatsinga blir meir berekraftig og dermed meir naturbasert enn ho har vore til no. Me rår difor Rauma kommune til å ikkje tillate helikopterflyging slik det her er omsøkt.
FNF Møre og Romsdal er et samarbeidsforum for natur- og friluftslivsinteresserte organisasjoner i Møre og Romsdal. FNF skal engasjere seg i saker som påvirker natur og friluftslivet i fylket. I dag er Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Den Norske Turistforening Møre og Romsdal og Møre og Romsdal 4H tilsluttet forumet. Totalt representerer disse organisasjonene mange medlemmer med en stor interesse for å ta vare på naturen for dagens – og kommende generasjoner.
Ingbjørn Bredeli er ny koordinator for FNF Møre og Romsdal. Han har ført fråsegna i pennen. Bredeli har telefon 46 43 14 27.