Naturvernforbundet med fylkesårsmøte mandag 27. april
Mandag 27. april kl. 1815 inviterer Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til fylkesårsmøte i Molde.
Årsmøtet blir på Molde vidaregåande skole i Molde sentrum. Innleiingsforedraget blir ved ved Arnodd Håpnes, fagleiar for naturmangfold i Norges Naturvernforbund.
Etter innleiinga blir lokallaga oppmoda til å presentere seg og arbeidet sitt. Deretter blir det ordinære årsmøtesaker. Saklista ser slik ut:
1) Godkjenning av innkalling og sakliste
2) Årsmelding for 2008
3) Rekneskap for 2008
4) Arbeidsplan for 2009
5) Budsjett for 2009
6) Val av:
a. Fylkesleiar
b. Fylkesstyre
c. Valkomité
d. Delegatar til landsmøtet i Norges Naturvernforbund
e. Nominasjon av landsstyrerepresentant
7) Fråsegn om fiskeoppdrett
8) Innsendte saker – saker fremja frå fylkesstyret, lokallag og medlemmer innan 15. april 2009.
Leiar Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Saker kan også fremjast på epost moreromsdal(a)naturvern.no.