Volda kommune provoserer i skogsak
Volda kommune har gjeve løyve til nok ein skogsveg i olivinfuruskogen i Bjørkedalen. Også denne gongen er det vist til at det ikkje er nemnande miljøverdiar. I tillegg er det i denne saka brukt feil lovverk. Søknaden oppfyller ikkje vilkåra for den forenkla handsaminga etter landbruksvegforskrifta og skulle ha vore handsama som ei vanleg sak…
Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er forundra og sjokkert over at Volda kommune, medan førre saka er til klagehandsaming i fylket, gjer det same manglande handverket som sist. Miljøverdiane i dette området er i høgste grad kjent, og fører automatisk til at søknaden skal sendast fylket til førehandsuttale som følgje av høge miljøverdiar. Dette er ikkje gjort denne gongen heller. Men eigentleg skulle ikkje saka vore handsama etter landbruksvegforskrifta, men etter plan- og bygningslova. Forenkla handsaming etter landbruksforskrifta gjeld vegar som har jord- og skogbruksverksemd som hovudføremål. Det er uttrykkeleg sagt i rettleiinga at føremål som hytter ikkje kjem inn under dette.
Det høyrer elles med til saka at Naturvernforbundet bad kommunen i ein e-post om saksdokumenta alt tidleg i juni etter leit i postlista etter ei anna sak. Etter ei telefonsamtale og ytterlegare ein e-post om saka blei Naturvernforbundet nøydde til å be fylkesmannen om hjelp til å få utlevert kartvedlegget. Sjølv då tok det tid, og då kom det saman med vedtaket.
Volda kommune legg ved dette opp til at det i praksis berre er skogbrukssjefen og skogbrukar sjølv som rår grunnen i skogsvegsakene. Når miljøverdiar av nasjonal og internasjonal verdi blir vurdert som ”Ingen nemnande miljøkonsekvensar ut over hyttebygginga” som i denne saka kan ikkje Naturvernforbundet la det passere. Vedtaket er difor klaga på.
Dessverre har vi sett liknande i fleire andre kommunar også. Det ser ut til at Naturvernforbundet må be om å få alle skogsvegsøknadene framover for å få betra kvaliteten i sakshandsaminga av skogsvegane.
Du kan kontakte Øystein Folden på telefon 918 12 542 om denne saka.
Naturvernforbundet sin klage på Haggardvegen