Kloakkutslepp i Tingvoll

Naturvernforbundet bad i eit brev til Tingvoll kommune 13. desember 2010 om at overlaupet frå kloakkpumpestasjonane i Tingvoll blir gjennomgått og utbetra, slik at løysinga blir tilfredsstillande både estetisk og i høve til andre omsyn.

Naturvernforbundet har fått tips om at mykje kloakk går i overlaup og rett i sjøen i Tingvoll, noko som ofte er ei dårleg løysing.

Både ved småbåthamna og truleg ved skulen blir overlaupet leia ut i ein bekk over flomålet. Naturvernforbundet meiner minimum må vere at desse overlaupa blir leia ut i sjø under lågaste vasstand. Det må så vurderast i kvart enkelt tilfelle kor djupt utlaupet må vere for å unngå at utsleppet blir liggande i øvre vasslag.

Svaret frå Tingvoll kommune kom kjapt:

Tingvoll kommune
Deres ref: 
Vår ref:      2010/1466 – 2
Dato:         20.12.2010


Kloakkutslepp i Tingvollvågen

Viser til henvendelse av 13/12 2010.

Det er korrekt at det ved driftsforstyrrelser, som strømbrudd eller ved svært store nedbørsmengder, vil forekomme overløp fra kloakkpumpestasjoner. For å redusere ulempene har vi justert nivået for når pumpene skal kjøre, og vi jobber langsiktig for å redusere inntregningen av fremmedvatn i avløpsnettet. Alle pumpestasjoner blir regelmessig ettersett av driftspersonell.

For de to stasjonene i Tingvollvågen som er nevnt spesielt vil overløpsledningene bli forlenget til djupt vatn i løpet av ettervinteren/våren.


Hilsen


Odd Arild Bugge,
Teknisk sjef
Teknisk avdeling