Prioritering av nye vegsamband
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Ei hending i Sunndal har plutseleg fått fokus på prioriteringa av vegprosjekta i fylket. Politikarane er samstemde om at dei har prioritert godt. Godt for kva?
Tryggleik er eit viktig tema når det gjeld samferdsel. Klimaverknad er det også, sjølv om det er noko som det er greiast å snakke om så lenge ein ikkje gjer noko med det.
Vegprioriteringa bør vere ganske enkel framover. Legg bort undersjøiske tunnelar og store, nye prosjekt. Tida for vedlikehald, punktutbetring av spesielt farlege stader og rassikringsprosjekt er rikeleg nok med tiltak og fleire prosjekt er ikkje nødvendig å legge inn i prioriteringslista.
Ei slik prioritering vil føre til problem med trafikkavviklinga kring dei største byane. Men det er eit problem som let seg løyse. Jo meir problem med kapasiteten, jo betre er grunnlaget for at bussane kan gå rett ofte. Det gjeld både i tal passasjerar og når det gjeld motivasjon for å la bilen stå.
I året som kjem skal politikarane by seg fram for å bli valde til Stortinget neste år. Enkle og klare bodskap kan vere ei vinnarsak, og dei finst. 2-3 rassikringsprosjekt, utbetring av nokre punkt og betre busstilbod der det er trafikkgrunnlag for det vil løyse både tryggleiksproblem og klimaproblem. Ei vinnarsak i tida som kjem.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen