To nye småkraftverk i Stranda – det hastar med å få på plass ein overordna plan
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt fråsegn til to nye småkraftverk i Stranda; Rødset og Embla. Naturvernforbundet går ikkje mot utbyggingane, men krev fleire avbøtande tiltak. Samstundes peikar Naturvernforbundet på at Stranda kommune må sikre betre oversikt over dei vassdragsverdiane kommunen har att.
Naturvernforbundet peike i begge fråsegnene på at det i Stranda kommune finst vassdrag med gjennomgåande større biologisk mangfald enn det ein finn i dei to vassdraga som det no er søkt om å få byggje ut. Dette gjeld mellom anna Langedalsvassdraget i Sunnylven. På den andre sida vil utbygging av Langedalsvassdraget og andre vassdrag gjere sitt til at Embla og Storelva kan bli mellom dei betre som då er igjen i kommunen. Behovet for ein delplan for vassdrag for Stranda kommune er stor, og det hastar med å få gjort eit slikt arbeid.
Når det gjeld søknaden om å få byggje ut Embla, meiner Naturvernforbundet at omsynet til m.a. fossekallen gjør at Norges vassdrags- og energidirektorat må krevje meir minstevassføring, både sommar og vinter, enn det søknaden legg opp til. Det er også nødvendig med andre tiltak for å sikre fossekallen. Naturvernforbundet er også usikre på om det er nødvendig med ein ny permanent veg på grunn av utbygginga, eller om det er mogleg å byggje kraftverket på ein måte som gjør at vegen kan fjernast når kraftverket står ferdig.
Veg og minstevassføring er også eit tema for planane om Rødset kraftverk i Storelva. Her meiner Naturvernforbundet at omsynet til laksen også gjør at eit kraftverk bør unngå for mykje start- og stoppkøyring.
Generelt peikar Naturvernforbundet på at dei registreringane Stranda kommune gjorde av naturtypar og biologisk mangfald i 2004 burde vore oppdatert etter dei nye krava som gjeld for slike registreringar. Naturvernforbundet rår til at dette blir gjort i samband med ei samla vurdering av kva status dei ulike vassdraga i Stranda skal ha. Rauma kommune har tidlegare gjort ei slik vurdering, dette er høgaktuelt for Stranda også.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen