Bompengar for kollektivtrafikk i Atlanterhavstunnelen
Brev til styret i Atlanterhavstunnelen 7. februar 2011.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal tok i 2008 opp spørsmålet om kvifor kollektivtrafikken i Atlanterhavstunnelen skulle betale bompengar, i motsetnad til det som er vanleg i andre prosjekt og føresetnadene frå Stortinget for denne typen prosjekt, jf. St.meld. 46 (1990-1991).
I 2008 fekk vi ikkje gjennomslag for forslaget vårt. Atlanterhavstunnelen er no etablert, og i Tidens Krav 25. januar 2011 kan vi lese at “Bompengene renner inn i kassa på Atlanterhavstunnelen”. Naturvernforbundet oppfatta vedtaket om at Atlanterhavstunnelen fekk krevje inn bompengar frå kollektivtrafikken som eit (trist) unntak for å sikre finansieringa av prosjektet. Når vi ser at føresetnadene no endrar seg i høve inntektsgrunnlaget for selskapet, meiner vi at det er openbart at dei ekstra inntektene skal nyttast til å gje kollektivtrafikken det fritaket dei treng for å kunne utvikle eit meir berekraftig transportmønster i regionen.
Naturvernforbundet vil difor be styret i Atlanterhavstunnelen AS om å gjere om det vedtaket som blei gjort i august 2008 og sikre at passasjerane i kollektivtrafikk i rute slepp å betale bompengar.