Tida er inne for vern av internasjonalt viktige olivinfuruskoger!

I eit brev til statsministeren, miljøvernministeren og landbruksministeren i dag, krev Naturvernforbundet og Natur og Ungdom at det snøggast råd blir innført mellombels vern for Tjørnanakkane i Bjørkedalen og Onilsafeltet i Tafjord i Møre og Romsdal. Dette er dei to best dokumenterte forekomstane av den sterkt truga naturtypen olivinfuruskog. Samstundes er begge akutt truga av…

Norge har ei målsetting om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Dette er eit mål det ikkje er mogleg å nå med den forvaltningspraksisen vi ser i dag. Dette blir særleg tydeleg når det gjeld nokre av dei mest unike skogsområda våre. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har ved flere høve meldt inn framlegg til unike skogsområde som må takast vare, utan at skogstyresmaktene eller miljøvernstyresmaktene har tatt dette vidare på ein fagleg god nok måte. Fleire av desse områda får no sterkt reduserte verneverdiar på grunn av inngrep som t.d. hogst, meiner Naturvernforbundet.

Når det gjeld Tjørnanakkane i Volda meiner t.d. både Volda kommune, Fylkeslandbruksstyret i Møre og Romsdal og skogeigarane at det er heilt greit å gjøre øydeleggjande inngrep i internasjonalt verneverdig skog. Dette er tydelig dokumentert gjennom den klagesaken Naturvernforbundet har ført og tilhørande politiske oppfølgingsarbeid når det gjeld skogsbilvegbygging og hogst i Tjørnanakkane. Norges Naturvernforbund har tidligere bede om at styresmaktene starter verneprosess i Tjørnanakkane (brev 6. februar og 18. februar 2008), uten at noko har skjedd. Allskog har heller ikkje reagert positivt på Naturvernforbundet sitt innspel. Tvert om har dei avvist vår oppmodning om å starte en verneprosess med at slikt har Naturvernforbundet ingenting med!

For Onilsafeltet er det no konkrete planar om å ta opp att masseuttaket som aldri kom ordentleg i gang grunna dårleg lønsemd. Onilsafeltet er eit heilt spesielt område, med m.a. den største kjente lokaliteten i verda av den truga fagervokssoppen, i tillegg til mange andre truga artar.

Norges Naturvernforbund meiner denne saka er oppsiktsvekkande sidan verken skogforvaltninga eller miljøsertifiseringa av skog, inkludert MIS-registreringar, er i stand til å fange opp eller sikre nokre av dei mest verdifulle internasjonalt verneverdige skogsområda som er att her i landet. Naturvernforbundet er også overraska over at alle aktørane er godt kjent med dei store verneverdiane som finst i området men ingen gjør noko for å stanse dei irreversible inngrepa som no kan komme.

Lars Haltbrekken er leiar av Norges Naturvernforbund. Han har telefon 91 61 21 91.

Arnodd Håpnes er fagleiar for naturmangfold i Norges Naturvernforbund. Han har telefon 91 19 22 34.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom

Olivinskogene i Norge – rapport frå Møre og Romsdal fylke og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Forslag til arealdel av kommuneplanen for Norddal – desember 2008

Forslag til føresegner for arealdelen av kommuneplanen for Norddal – desember 2008

Foredrag om skog og skogvern

Dagbrudd i Onilsafeltet (olivinfuruskog) i TafjordFoto: Dag Holtan

Fagervokssopp (EN=sterkt trua på rødlista) har sin tetteste kjente forekomst på verdensbasis i olivinfuruskogen på Onilsafeltet i Tafjord, Norddal (også funnet i Bjørkedalen i Volda i 2007).Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane i Bjørkedalen – februar 2008Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008Foto: Dag Holtan

Frå hogstfelt i Tjørnanakkane – februar 2008Foto: Dag Holtan

Glattstorpigg (NT på rødlista) har sine tetteste kjente forekomster i verden i Tjørnanakkane i Volda og Onilsafeltet i Tafjord.Foto: Dag Holtan