Miljøinnsats er bra!
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Det er alltid hyggeleg å fokusere på gode tiltak og framsteg. Det er det grunn til no.
Det nye året har gitt oss fleire gode døme på at det er verksemder i Møre og Romsdal som tar miljøutfordringane på alvor, og som gjør noko med dei.
Naturvernforbundet vil gratulere godsbilnæringa i fylket. Etter at Waagan Transport begynte å nytte biodiesel i 2007 har også transportfirmaet Veøy kome igang med dette. Det er ein innsats for å kutte klimagassutsleppa frå transportnæringa. Vi vil oppmode resten av transportnæringa, både til lands og sjøs, til å sjå på tiltak for å kutte utsleppa.
Naturvernforbundet vil også gratulere bøndene i Midsund og Sykkylven. Sykkylven kommune passerte 10% økologisk drive landbruksareal for nokre år sidan og nærmer seg 20%. I Midsund kommune har dei no passert ti prosent av landbruksarealet som økologisk. Økologisk landbruk gir lågare energibruk og lågare klimagassutslepp enn konvensjonelt landbruk. Samstundes tryggar økologisk landbruk naturmangfaldet betre. Utfordringa til forbrukarane blir å halde fram med å spørje etter den økologiske maten. Då vil meir av den norske matproduksjonen bli reinare.
Øystein Folden
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen