Eventyrleg vekst
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Ordførar Jarle Haga hygger seg over at trafikkauka er himmelsk i Atlanterhavstunnelen, fortel Tidens Krav.
Korleis går det med budsjettmåla når det gjeld klimagassutslepp? Med meir enn dobling av trafikken mellom Bremsnes og Kristiansund blir det vel gjerne ikkje så enkelt å få til den nedgangen som skal til på det budsjettet?
Øystein Folden
leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal