Avfallsbål vest for Gjemnes kirke
Naturvernforbundet etterspør informasjon om eit avfallsbål i eit naturområde som er registrert som verdifullt i Gjemnes.
Etter det Naturvernforbundet har sett, kan det sjå ut til at bålplassen har vore nytta i lang tid. Samstundes er området registrert i Naturbase som ein lokalitet for svartor med høg verdi. Naturvernforbundet meiner avfallsdumping og -brenning kan redusere verdien av slik natur, i tillegg til at det ikkje er lovleg, gir forureining osb.
Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet