Bustadområde og massetak i konflikt i Vestnes?
Vestnes kommune har sendt på høyring eit nytt planforslag for Groven og Furneset. Naturvernforbundet meiner det er svært uheldig at kommunen godkjenner bustadområde i same område som det er planar om eit stort masseuttak / asfaltknuseverk.
I fråsegna si skriv Naturvernforbundet mellom anna at «Sidan det blir laga plan for bustadar her, går me ut frå at planane om å gjere Furneset om til eit stort industriområde, no er lagt vekk?»
Naturvernforbundet meiner òg det må gå ann å etablere eit bustadområde utan å privatisere og bygge ned heile strandsona med naust.
Bernt Gjelsten er leiar i Naturvernforbundet i Vestnes. Han har telefon 97 18 60 58.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen