Endeleg program for Miljøfestivalen
Program og vegbeskrivelse.
Program for Miljøfestivalen 2008
Fredag 27. juni:
1630 Opning av Miljøfestivalen
1630-1800: Energisituasjonen, og utbyggingspress
Kraftprognoser og kraftlinjeplaner. Trond Arnljot Jensen fra Statnett innleder.
– Kommentar frå Elin Lerum Boasson, Norges Naturvernforbund
– Kommentar frå Anne Greve, Naturvernforbundet i Finnmark
– Debatt
1800 Vasskraftutbygging i nytt lys?
– Opprusting av eksisterande vasskraftanlegg – kva er det? Kjell Erik Stensby, NVE
– Rauma: Verna vassdrag med planar om ny utbygging. Sturla Steinsvik, Romsdalen pumpekraftverk
– Debatt
Ordstyrar: Tone Skau Jonassen, nestleiar i Naturvernforbundet
Samstundes er det kanopadling for dei yngre, deretter mat.
1930: Middag for vaksne
2030: Kveldssamling
Laurdag 28. juni:
0700 – 0900: Frukost
0930 – 1130: Ny kamp om vassdragene og kamp mot kraftlinjene
– Ny vasskraftutbygging – Naturvernforbundet skal vere på vakt! Per Flatberg, Naturvernforbundet
– Er det behov for ei kraftlinje fra Ørskog til Fardal? Korleis kan kraftutfordringa i Midt-Norge løses? Øystein Folden, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
– Klaus Rasmussen – status Hardanger og ny teknologi – strategien vår i forhold til «supernettet» (ikkje stadfesta)
– Edel Ellingsen (Troms) – nye flaskehalser i Nord-Norge
Ordstyrar: Anne-Merethe Pedersen, Informasjonsrådgivar, Norges Naturvernforbund
Vi diskuterer hvordan NNV skal jobbe med disse sakene fremover
0930: Natursti for barn, kanoar tilgjengelege for padling.
1130: Lunsj
1230: Parallelt program:
– Kurs i miljøvennlig småbarnsstell – Mari Melbø Rødstøl
– Klatrekurs – Tarjei Huse/Ola Rise
– Botanisering – Øystein Folden m.fl.
– Tur på eigenhand
1500: Konsekvensane av klimaendringane
Konsekvensar av klimaendringar v/Idar Barstad, Bjerknessenteret
1630: Pause
1500: Mat for barn
1600: Klatrekurs for barn
1700 – 1800: Korleis jobbar vi med klima i lokal- og fylkeslaga i Naturvernforbundet?
Paneldiskusjon:
– Klimaarbeidet i lokallag – kva har vi lyst til å gjøre? Ingar Flatlandsmo,. Naturvernforbundet i Hordaland
– Lokallaga i Naturvernforbundet skal til København i 2009 – kvifor? Bård Lahn, Naturvernforbundet
– Norges største kraftverk: Hanne Gro Korsvold, prosjektkoordinator, NNV
Ordstyrar: Gøril Andreassen, sentralstyremedlem i Naturvernforbundet
1800: Middag for de minste, mellommåltid for de andre
1930 – 2045: Rett og gale i miljøkampen.
Nylig pensjonert biskop i Møre, Odd Bondevik, om miljø og etikk
2100: Festivalmiddag
Søndag 29. juni:
0800 – 1000: Frukost
1000: Ut på tur
– synfaring på småkraftverk i Hjørundfjorden
– ut og opp
Praktisk informasjon
Standalshytta tilhøyrer Aalesunds Skiklub, og ho er ein del av hyttenettet til DNT. Det er totalt 63 sengeplassar, men det er også mogleg å overnatte i telt ved hytta.
Deltakinga på Miljøfestivalen kostar:
– Telt kr 200 pr vaksen
– Inne i Standalshytta kr 600 pr vaksen
– Dagbesøk utan overnatting kr 100 pr vaksen
Dette inkluderer måltida. Barn under 12 år er gratis, men vi treng påmelding for desse også for å ha oversikt over kor mange vi blir.
Reiserute
Standalshytta ligg langs vegen over Standalseidet, mellom Ørsta og Hjørundfjorden. Det er diverre ikkje bussruter over Standalseidet, men arrangørane organiserer henting på Standal, Festøya eller Ørsta.
Tog og buss:
Frå Oslo og Trondheim kan ein ta tog til Åndalsnes og buss til Ålesund og Ørsta. Det går buss Oslo – Ørsta og Bergen – Ørsta – Ålesund.
Frå Oslo:
E6 nordover til Otta, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta. Ferje mellom Folkestad og Volda. Eit alternativ kan vere å ta av i Hornindal, køyre Norangsdalen og kome med ferja frå Leknes til Storestandal.
Frå Bergen:
E39 nordover. Ferje frå Oppedal til Lavik, frå Anda til Lote og frå Folkestad til Volda.
Frå Trondheim:
E39 sørover. Ferje frå Halsa til Kanestraum, frå Molde til Vestnes og frå Solavågen til Festøya.
Ferjeruter og lokale bussruter finst på www.fjord1.no og på www.177mr.no.