Fleire trafikkulukker – var det heilt uventa?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Dette året har gitt oss ei kraftig auke i taler på drepne i trafikken, også i vårt fylke. Dette har ført til at fleire etterlyser satsing på trafikktryggleik i den Nasjonale transportplanen som Regjeringa skal leggje fram.

Ei slik satsing bør også få auka gjennomslag i Møre og Romsdal. Då fylkestinget førre gang behandla dei konkrete veginvesteringane i Nasjonal transportplan, i 2005, vedtok dei først to hovudmål for transportpolitikken, nemleg ”Færre drepte og alvorleg skadde i vegtrafikken” og ”Meir miljøvenleg transport”. Deretter vedtok fylkestinget å kutte løyvingane til trafikktryggingstiltak, gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak med 40 millionar kroner, over tjue prosent, for perioda 2010 – 2015.

Det er mange grunnar til at dødstala på vegane aukar, men ein viktig grunn er den store trafikkveksten vi har sett. Auken i trafikk gir ikkje berre auke i forureining. Det er også slik at konsekvensen av å gjøre feil (og feil i trafikken gjør vi alle) blir mykje meir alvorleg; det er større risiko for at det er andre bilar som blir involverte når vi gjør feil. Kollektivtrafikken er derimot svært trygg. Det å få fleire til å reise kollektivt reddar difor liv.

Det er ikkje nye vegar som reddar flest liv. Nye vegar er uansett den dyraste måten å redde liv på. Derimot veit vi at ei rekke mindre tiltak, som midtdelarar, rekkverk og nye og meir energieffektive gatelys reddar mange liv. Dette er også ein mykje rimelegare måte å redde liv på. Kan vi forsvare at folk døyr av di fylkestinget meiner det er viktigare å byggje prestisjeprosjekt enn å trygge trafikantar og miljø?

Kanskje fylkestinget skal syte for at trafikktrygging og miljø får att dei 40 millionane sine? Ja kanskje fylkestinget til og med vil vere med på å auke løyvingane til trafikktrygging og miljø i neste vegplan? Vi trur det ikkje før vi får sjå det.

Øystein Folden

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet