Fråsegn til Solemstranda hytteområde
Fråsegn til Surnadal kommune.
Når det gjeld Solemstranda hytteområde ligg dette mot nordaust ganske tett opptil ei artsregistrering i naturbase som det er viktig at ein tar omsyn til.
Vi har ikkje gjort andre undersøkingar, og kan difor ikkje seie noko om det kan vere andre omsyn ein må ta, men vil gjere merksam på dette alt no.
Med helsing
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Øystein Folden, leiar