Hagelupinar ved høgspentanlegg
Naturvernforbundet i Tingvoll har varsla NEAS om at det er funne hagelupinar ved høgspentanlegget.
Hagelupinar er ein framandart med svært høg risiko for spreiing. Spreiing til kulturlandskapet i Tingvoll vil ha uheldige konsekvensar for naturmangfaldet.
NEAS rykka raskt ut etter varselet frå Naturvernforbundet, lupinforekomsten blei sanert.