Hemmeleghaldet i Verma-saka held fram: Naturvernforbundet krev meir dokumentasjon frå Rauma Energi
Naturvernforbundet ber Klagenemnda for miljøinformasjon om å krevje at Rauma Energi legg fram meir dokumentasjon om forskjellane på den utbygginga selskapet sjølv har søkt om, og det utbyggingsforslaget Naturvernforbundet har lansert som eit kompromiss.
Naturvernforbundet nyttar elles høvet i sitt tilsvar til Klagenemnda for miljøinformasjon til å lange ut mot kraftselskapet, som ser ut til å nytte den same mediestrategien som oppdrettsnæringa har reindyrka denne sommaren:
«Rauma Energi AS har både før konsesjonssøknaden og i seinare tid arbeidd for å bygge kraftverksinntaket i verneområde og i konflikt med Rauma-Ulvåa som verna vassdrag. Saka har dimensjonar over seg som kan slå beina under dei 4 verneplanane for vassdrag som Stortinget har brukt nokre tiår på å vedta. Dei har store økonomiske ressursar samanlikna med Naturvernforbundet, og bruker dei til ei kraftig påverking av politikarar lokalt, regionalt og sentralt. I staden for at vi på eit seint tidspunkt sit i fjellet med kjettingar akter vi å vere konstruktive for å finne gode løysingar slik at kraftverket kan byggast utan konflikt med viktige verneføremål. Difor er vi i denne saka uortodokse nok til å kome med skisser til løysingar når kraftverkinteressene sjølve har køyrt seg fast.»
Klagenemnda vil ta stilling til saka rett over sommaren.
Fylkesleiar Øystein Folden, tlf. 918 12 542
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Tilsvar 30. juni 2010 frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Klagenemnda for miljøinformasjon