Korleis blir avgjerdene om gang- og sykkelvegar til?
Naturvernforbundet har engasjert seg for å få meir satsing på gang og sykkel, samt på kollektivtrafikk, i Møre og Romsdal. Med den store omorganiseringa på samferdselsfeltet i 2010 blei det litt uklårt for Naturvernforbundet korleis vi kunne arbeide med desse sakene, men no har fylkeskommunen gitt oss ei orientering.
Epost til Møre og Romsdal fylkeskommune 6. desember 2011:
Hei, det er litt uklart for oss i Naturvernforbundet korleis dei formelle prosessane knytt til mindre framkommelegheitstiltak for kollektivtrafikk, trafikktryggingstiltak og (særleg) gang- og sykkelvegprosjekt langs fylkesvegar har blitt etter at fylkeskommunen tok over ansvaret. Tidlegare har vi sett at ulike lister med tiltak har vore prioritert politisk, og at det dermed har vore mogleg å spele inn konkrete prosjekt til desse listene, samt gje innspel til prioriteringar på listene.
Korleis blir dette gjort no? Er det slutt på slike lister? Forslaget til regional transportplan hadde ikkje så mykje fokus på desse spørsmåla, faktisk fann vi ikkje noko om gang- og sykkelvegar der. Teksten under gir heller ikkje noko komplett svar. Dette kunne det vore nyttig å fått eit svar på, uavhengig av at de skal oppsummere høyringssvara på RTP for Midt-Noreg.
Planarbeid
Den framtidige transportplanlegginga i Noreg vil bestå av ein nasjonal transportplan (NTP) som omfattar statleg transportinfrastruktur (blir vedteke i Stortinget) og ulike formar for regionale transportplanar (RTP), som omfattar fylkeskommunanes transportinfrastruktur (blir vedteke av fylkestinga).
Regional transportplan (RTP) fylkeskommunen blir som følgje av forvaltningsreforma den viktigaste premissleverandøren i planlegging og utbygging av regional samferdsel. Dette vil også styrke fylkeskommunens rolle som regional utviklingsaktør. Samtidig er samferdsel eit av dei områda kor ein kan gjere mest for å påverke lokal forureining og globale utslepp. For å stå best mogleg rusta til å føre ein god dialog om utfordringane innan samferdselsområdet både med staten, kommunane og næringslivet, blir det naudsynt at fylkeskommunen skaffar fram oversikter over transportstrømmar og foretek konseptvalutgreiingar både for person- og godstransport, og at ein ser dette i ein heilskapleg samanheng. Desse utfordringane vil best kunne systematiserast i ei overordna regional transportplan som omfattar alle transportformer. Det vil vere avgjerande at plana omfattar både investering og drift. Møre og Romsdal fylke vil utarbeide ein slik plan slik at den også kan danne innspel til neste revisjon av Nasjonal transportplan (NTP). I dette arbeidet er det svært viktig å ivareta det regionale perspektivet, dvs også kommunikasjonane til nabofylka. Møre og Romsdal fylke vil derfor i arbeidet med den regionale trasportplana samarbeide med Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Det regionale perpektivet blir også ivaretatt gjennom Vestlandsrådet, kor vi allereie har utarbeid transportplana for Vestlandet. Ei oppdatering av handlingsprogrammet knytt til denne plana vil også vere ein det av det regionale transportplanarbeidet. Fylkestingets vedtatte strategiar skal leggjast til grunn i arbeidet . Dei mest sentrale av disse vil vere: Ferjestrategien, Finansieringsstrategien, Strategien om ferjefri E39, Tranportstrategi for gåande og syklande i Møre og Romsdal, Luftfartsstrategien og Den regionale energi- og klimaplana for Møre og Romsdal.
Nasjonal transportplan (NTP) Møre og Romsdal fylkeskommune vil inn mot neste rullering av NTP spille ein større rolle enn tidlegare. I retningslinene (R1) for neste revisjon av NTP vil planarbeidet pågå i perioden mars 2011 til februar 2012. Stortingshandsaminga av NTP for perioden 2014-2023 skjer våren 2013. I retningslinjene blir det streka under at det er viktig med eit godt samarbeid med lokale og regionale styresmakter, slik at det faglege grunnlaget for NTP 2014-2023 blir så godt som mogleg. Dette er ikkje minst viktig etter at fylka får 1. januar 2010 har fått ansvaret for eit større vegnett og langt fleire ferjesamband. På regionalt nivå vil det bli oppretta kontaktutval for å sikre god samordning mellom NTP og dei regionale tranportplanane. I tillegg vil det bli oppretta eit kontaktforum der fylkeskommunane og dei største bykommunane er med. Ein representant frå fylkesrådmannskollegiet vil vere med i transportetatanes og Avinors styringsgruppe ,med tale- og forslagsrett. Den politiske dialogen med fylkeskommunane og storbyane vil bli styrka.
I følgje den nye plan- og bygningslova (PBL) skal det utarbeidast planstrategiar i kommunar og fylkeskommunar innan eit år etter kommune og fylkestingsvalet i september 2011. Det vil vere svært viktig å få samkjørt dei lokale og regionale planstrategiane med NTP prosessen.
Svar frå Møre og Romsdal fylkeskommune 13. desember 2011:
Hei
Det operes fortsatt med prioriteringslister. Vi har et investeringsprogram knyttet til både større og mindre prosjekt herunder også gang og sykkel tiltak og kollektivtransporttiltak. Dette blir rullert hvert år og blir behandlet i fylkestinget i april. Dette programmet danner igjen grunnlag for økonomiplana som handler både om drift og investeringer. For å få til en god demokratisk prosess ifm dette har vi de to siste åra arrangert regionale møter med kommuner, regionsråd og næringslivsaktører. Vi ser at vi gjerne kunne gjort lista over inviterte enda lengre, men av praktiske grunner har vi prøvd å begrense størrelsen på møtene. Hovedhensikten har vært å komme i dialog med kommunene. Vi mener det er viktig å legge stor vekt på hvordan kommunene ønsker å prioritere innsatsen i sin kommune. Vi arragerer også en gang per år en Samferdselskonferanse med aktuelle tema knyttet til prioriteringsdebatten.
Møre og Romsdal fylkeskommune er også kontinuerlig inne i overordnete planprosesser knyttet til samferdsel. Disse prosessene danner også viktige grunnlag for hvordan prioriteringslistene blir sammensatt. Viktige plandokument som vi jobber etter er: Nasjonal transportplan, Fylkesplan for Møre og Romsdal 2009-2012 (arbeidet med ny plan er under oppstart), Regional planstrategi (har nettopp vært på høring), Fylkesdelplan Transport Møre og Romsdal 2001-2011 (har startet opp med revidering og plana vil være en del av den nye fylkesplana), Transportplan Vestlandet, Regional transportplan for Midt-Norge (har nettopp vært på høring), Ferjestrategi for Møre og Romsdal 2006-2015, Gang og sykkel strategi 2010-2019, Regional energi og klimaplan og Finansieringstrategien for Møre og Romsdal fylkeskommune. I forbindelse med fylkesplanarbeidet har vi planer om et fylkesplanseminar i juni, og den nye fylkesplana vil trolig bli sendt på høring i august 2012.
For tiden jobber vi med en sak til fylkestinget; «Rettleder for realisering av vegprosjekt». Denne saka trekker opp prinsippielle og strukturelle problemstillinger knyttet til prioritering, planlegging og utbygging av tiltak knyttet til fylkesvegnettet.
Mvh Lage Lyche
—————————————-
Lage Lyche
Seksjonsleiar – infrastruktur
Møre og Romsdal fylkeskommune
Samferdselsavdelinga
www.mrfylke.no
Tlf: 71258702
Fax: 71258753
Mob: 93493402
lage.lyche@mrfylke.no
—————————————–