Miljø og jordbruk i Tingvoll
Naturvernforbundet har mange innspel i samband med revisjonen av jordbruksplanen for Tingvoll kommune.
I fråsegna si presenterer Naturvernforbundet ei liste på 25 konkrete aktivitetar Tingvoll kommune bør ha med i jordbruksplanen sin for at han skal sikre miljøomsyn på ein god måte:
1 Kartlegge skogbruksareal som har vern i Tingvoll
2 Skaffe oversyn over skogbruksareal med høg verneverdi (***/**** eller regional/nasjonal viktig) i Tingvoll
3 Drive aktiv informasjon om ordninga for friviljug vern av skog minimum til det er verna 4,6% skog i Tingvoll kommune
4 Kartlegge innmarksareal som har vern i Tingvoll
5 Skaffe oversyn over jordbruksbruksareal med høg verneverdi (***/**** eller regional/nasjonal viktig) i Tingvoll
6 Drive aktiv fordeling av ordningar som SMIL osb. slik at jordbruksareal med store miljøverdiar kan oppretthalde desse.
7 Kartlegge omfang av jordbruk der husdyrgjødsel og for blir transportert meir enn 3 km
8 Sette inn transportreduserande tiltak jf. pkt 7 der årsaken gjer det mogleg.
9 Kartlegge omfang av jordbruk der grøfting blir hindra av leigeordningar
10 Sette inn tiltak jf. pkt. 9
11 Kartlegge omfang av jordbruk der husdyrgjødsla blir dårleg utnytta som følgje av leigeordningar
12 Sette inn tiltak jf. pkt 11
13 Kartlegge areal som slangegjødslast
14 Auke areal som slangegjødslast
15 Kartlegge gardsbruk som driv gjenbruk av varme (mjølkekjøling – oppvarming av vatn/solfangar – tørking av for osb.)
16 Lage lokal kunnskapsbank om energieffektiviseringstiltak (jf. pkt 15)
17 Kartlegge jordbruksareal som blir bygd ned.
18 Kartlegge vassdrag utan inngrep
19 Prøve ut utvida høyring av natur- og friluftsinteresser i samband med skogsvegsaker
20 Kartlegge hjortevilt med omsyn til om mengde vilt påverkar det biologiske artsmangfaldet
21 Kartlegge kor mykje myr med storleik over 5 dekar/lågare enn 100 moh. som har vore i kommunen.
22 Kartlegge jf. pkt 21 kor mykje som er igjen av intakt myr og kva naturtype dei høyrer til
23 Fastlegge kor mykje av myra i pkt 22 som minst må takast vare på.
24 Kartlegge vassdrag som er negativt påverka av overgjødsling
25 Revidere kommunal gjødselsforskrift slik at det blir tilpassa behova som kjem til syne av pkt 24
Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Les fråsegna frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune