Naturvernforbundet ber om køprising i Kristiansund, Molde og Ålesund
Etter eit oppslag i bladet til Statens vegvesen, Vegen og Vi, der både Statens vegvesen og NHO er forkjemparar for køprising, har Naturvernforbundet kontakta Statens vegvesen for å finne ut om etaten faktisk arbeider med å få på plass dette i dei tre største byane i Møre og Romsdal.
Tanken bak køprising er å regulere trafikkmengden. Køprising, eller rushtidsavgift, er den prisen du må betale for at du «yter ditt» til at andre må sitte i kø – og for den støyen og luftforureininga du skapar og som fører til helseproblem for andre. I motsetnad til bomavgift, som stort sett er den same heile døgnet, så varierer køprisinga. Når det er rushtrafikk kostar det meir å køyre inn i byen, mens det til dømes kan være gratis på natta eller midt på dagen.
Både i Kristiansund, Molde og Ålesund blir kapasitetsutnyttinga av vegnettet nytta som argument for politikarar og andre som ønskjer utbygging av vegnettet og dermed meir forureining og høgare klimagassutslepp. Dette er sjølvsagt eit paradoks i ei verd der klimagassutsleppa må reduserast kraftig. Som det går fram av artikkelen i Vegen og Vi, vil innføring av køprising i desse tre byane både gi ein generell reduksjon i trafikken og ein mogleg overføring av trafikk til tider på døgnet då det er betre kapasitet i nettet. Det vil dermed vere mindre behov for nye vegutbyggingar. Dette vil også kome næringslivet til gode, i form av reduserte totalkostnader.
Samstundes vil inntektene frå køprising, som det også går fram av artikkelen, kunne finansiere dei utbyggingane vi sårt treng i byane våre, nemleg utbygging av sykkelvegar og kollektivfelt. Dette er nødvendig for å skape framtidsretta byar med låge klimagassutslepp.