Naturvernforbundet hardt ut mot vegplanar i Myklebustvatnet naturreservat i Herøy
Naturvernforbundet har blitt kjent med at Herøy kommune har planlagd ny innfartsveg til Fosnavåg gjennom Myklebustvatnet naturreservat; eit område som har vore verna sidan 1977. – Dette er feil bruk av ressursar, seier fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet om dei midlane som har vore bruka til planlegginga av eit alternativ som høyrer heime på «historiens…
Det er utgreidd to alternative innfartsvegalternativ til Fosnavågen. Det eine, Alternativ 1, er i direkte konflikt med Myklebustvatnet naturreservat. Dette reservatet er ein viktig hekkelokalitet for våtmarksfugl men også trekk og overvintringslokalitet for enkelte arter. Her er ein serdeles tett hekkebestand av mange artar. Ei samanlikning mellom artane som hekker her og Raudlista frå Artsdatabanken gir mange treff. Vatnet er grunt, næringsrikt og vegetasjonsrikt ferskvatn og sumpmarksområde i eit småkupert kyst- og kulturlandskap; Myklebustvatnet er eit av dei få næringsrike låglandsinnsjøane i fylket. Området er lett tilgjengeleg og ligg godt tilrette for forsking og undervisning. Islegging om vinteren gir mulighet til bruk som skøytebane, men det er forbod mot all ferdsel i området i perioden 1. mars – 31. oktober. I ei delutgreiing som er gjort i november 2007 blir det slått fast: ”Heile Myklebustvatnet naturreservat har ein viktig funksjon for å ta vare på biologisk mangfald. Områdeverdien er ”svært viktig (A)”, og verdivurderinga er sikker.”
Naturmangfaldet er livsviktig og uerstatteleg. I dag forsvinn dyr, plantar og insekt 100 – 1000 gangar raskare enn det som er naturleg. Naturen er eit komplekst samspel mellom utruleg mange dyr, plantar og insekt. Ulikt vær og jordsmonn gir ulike naturtypar – og vi treng dei alle saman. Det er umuleg å rekne ut nøyaktig kva dei ulike naturtypane tåler av menneskeleg press; vi veit berre at vi må vere forsiktige. For å unngå at truga plantar, dyr og insekt forsvinn må vi ta vare på områda dei lever i. Akkurat som menneske er alt anna liv sårbare når dei står aleine. Vi må ha mange av ein art og fleire av områda dei kan leve i. Dette er nødvendig for å kunne ta vare på dei for framtida.
Sjølv om klimaendringane bankar på døra, er det viktigaste trugsmålet mot naturmangfaldet i verda i dag nedbygging og oppstykking av samanhengande naturområde; leveområda for plantar og dyr. Naturvernforbundet vil i denne samanhengen peike på at det særleg er på kysten vi har nokre av våre minst utbreidde, minst verna og mest truga naturtypar, som ulike lyngheier og myrar og kulturlandskap. – Naturvernforbundet reagerer difor sterkt på at Herøy kommune og Statens vegvesen i denne saka har sørga for å gjennomføre ei kostbar utgreiing av rasering av eit verneområde. I staden for å karakterisere dei som er ansvarlege for denne pengesløsinga, skal vi nøye oss med å slå fast at desse pengane kunne vore nytta på betre måtar dersom høyringa av utgreiingsprogrammet hadde blitt gjort på ein fagleg forsvarleg måte, med involvering av naturverninteressene som Naturvernforbundet representerer. Då hadde det blitt enda tydelegare at Alternativ 1 høyrer heime på ”historiens skraphaug”.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen