Naturvernforbundet med fylkesårsmøte mandag 7. april
Mandag 7. april kl. 18 inviterer Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til fylkesårsmøte i Molde.
Årsmøtet blir på Molde vidaregåande skole i Molde sentrum. Den nye generalsekretæren i Norges Naturvernforbund, Jan Thomas Odegard, kjem for å orientere om aktuelle utfordringar innan klima, naturmangfald og miljøgifter. Naturvernforbundet startar no to kampanjar, ein for å få igang det lokale klimaarbeidet, ein for å få på plass ein ny naturmangfaldlov i Noreg som kan stoppe tapet av biologisk mangfald.
Etter innleiinga blir lokallaga oppmoda til å presentere seg og arbeidet sitt. Deretter blir det ordinære årsmøtesaker. Saklista ser slik ut:
1) Godkjenning av innkalling og konstituering av møtet
2) Årsmelding for 2007
3) Rekneskap for 2007
4) Arbeidsplan for 2008
Herunder forslag frå Naturvernforbundet i Molde om å forhandle fram avtalar med Timeekspressen mv. for medlemmer av Naturvernforbundet
5) Budsjett for 2008
6) Fullmakt til å underskrive formelle dokumenter i styrets navn
7) Val av styre, valkomité og revisor
Møtet er ope for alle interesserte.
Tidlegare mandag gjennomfører generalsekretæren og fylkesleiar Øystein Folden fleire viktige møte i Molde:
0900 – 1030 Møte med distriktssekretær Else May Botten i LO
1100 – 1300 Besøk på det nye lyslaboratoriet til Glamox
1330 – 1530 Møte med Energiregion Møre på Fylkeshuset om energisituasjonen i Midt-Norge og Naturvernforbundets forslag til løsninger
Leiar Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Generalsekretær Jan Thomas Odegard har telefon 41 49 40 44.