Naturvernforbundet på offensiven

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er det fylkeslaget i landet som har raskast medlemsvekst i landet, og har no passert 800 medlemmer. Dette kom fram på årsmøtet mandag. – Vi ser at naturverninteressen er på frammarsj, seier fylkesleiar Øystein Folden. – Det at Naturvernforbundet klarar å få fram samanhengen mellom dei globale miljøutfordringane og kva…

Naturvernforbundet veit at det er mange som er medlemmer i Naturvernforbundet utan å vere samde med alt organisasjonen står for; no sist representert ved olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Det å få fleire til å melde seg inn vil vere høgt prioritert.

– Målsettinga for Naturvernforbundet i løpet av dei neste åra blir å halde fram den kraftige auken i medlemstal. For å få til dette, treng vi lokallag fleire stader, seier Folden, som særleg ønskjer seg lokallag i Kristiansund, på Ytre Søre Sunnmøre og i Stranda – Sykkylven. I dag har Naturvernforbundet lokallag i Sunndal, Tingvoll, Rauma, Molde, Vestnes, Ålesund og Ørsta-Volda.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har eit høgt aktivitetsnivå til tross for avgrensa ressursar. Prioriterte arbeidsområde i 2009 og 2010 er vern av meir skog, arbeid for energisparing og mot gasskraft, arbeid for kollektivtrafikk og gang- og sykkelvegar og mot kraftlinjer og motorferdsel i utmark. Fylkeslaget vil halde fram arbeidet med å få sterkt fokus på naturvernomsyn i samband med småkraftutbyggingar.

Øystein Folden frå Tingvoll blei attvald som leiar for fylkeslaget, han har hatt denne funksjonen sidan 2002. Dei øvrige i styret er:

– Japke Stobbe og Knut Løken (Molde)

– Gunn Morstøl (Rauma)

– Bernt Gjelsten (Vestnes)

– Yngve Birkeland og Øystein Solevåg (Ålesund og omegn)

– Geir Helge Nilsen (Ørsta og Volda)

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Presentasjonen til Arnodd Håpnes

Årsmelding for 2008 og arbeidsprogram for 2009 – 2010