Naturvernforbundet spør Aafk om økologisk kjeldevatn
Epost til Aalesunds Fotballklubb og Waterhouse 2. september 2008.
I ei annonse i Sunnmørsposten på laurdag 30. august 2008 er det annonse for det nye offisielle økologiske vatnet til Aalesunds Fotballklubb, Aafk-vann. Ei liknande annonse er også lagt ut på heimesidene til Aafk.
Sjølv om vatn truleg er det beste vi kan drikke, vil Naturvernforbundet minne om at det er mykje betre for miljøet å drikke vatn frå springen. Transporten av kjeldevatn på flaske har gjennomgåande større negative miljøpåverknader enn transport av vatn i rør. Forbrukerombodet har publisert ei nordisk rettleiing om bruk av miljøpåstander i marknadsføringa av produkt. Her finn vi m.a. desse vurderingane:
”Påstander om generelle etiske eller miljømessige påstander, som f. eks. ”miljøvennlig”, ”økologisk” eller ”grønn” er uklare og upresise og må kun brukes hvis det er gjennomført en grundig utredning om hele produktets livssyklus. ”
og
”Det er i EU-forordningen 2092/91 og 1804/99 fastsatt særlige bestemmelser for bruk av ordet ”økologisk” ved markedsføring av landbruksprodukter.”
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har ikkje vore kjent med at det er mogleg å få godkjent kjeldevatn som ”økologisk” etter norske eller europeiske reglar. Vi ber difor Aafk og Waterhouse om å få oversendt dokumentasjon på kva miljøeigenskaper produktet ”Aafk-vann” har. Retten Naturvernforbundet har til å få slik informasjon er heimla i kapittel 4 i miljøinformasjonsloven og i § 10 i produktkontrolloven.
Øystein Folden
leiar
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Postadresse: 6630 TINGVOLL
Telefon 91 81 25 42
Epost moreromsdal(a)naturvern.no
Internett www.naturvern.no/moreromsdal