Naturvernforbundet spør Istad Nett om energisparing

Epost til Svein Rødal i Istad Nett 5. august 2008.

Hei, jeg er litt usikker på noen opplysninger en presentasjon jeg finner på nettsidene til Møre og Romsdal fylke (http://www.mrfylke.no/Istad.pdf_W2jPs.ppt.file):

Du sier etter det jeg kan se at et alternativt scenario for alminnelig forsyning har en årlig reduksjon på 0,22 % pr. år. I referatet til fylket har dette blitt ”Privat straumsparing vil truleg berre kunne redusere totalforbruket med om lag 0,22 prosent.”.

Jeg er dessuten usikker på nevneren. 0,22 % av 13 TWh (totalen) er 28,6 GWh (tilsvarer vel omtrent effekten av 5000 varmepumper), mens 0,22 % av 4 TWh (alminnelig forsyning) er 8,8 GWh. Hva har dere lagt til grunn?

Hva er bakgrunnen for et slikt scenario? Har dere flere scenarier for energisparing (jf. for eksempel rapporten fra Naturvernforbundet)?

Nå har denne figuren blitt selve symbolet til Istad, men det er vel fortsatt slik at en figur som viser situasjonen i hele forsyningsområdet (inkl. Trøndelag) gir et mer dekkende bilde av utfordringer og muligheter?

Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05

styremedlem

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Postadresse: 6630 TINGVOLL

Epost moreromsdal@naturvern.no

Internett www.naturvern.no/moreromsdal

Think before you print

This e-mail may contain confidential and privileged material for the sole use of the intended recipient. Any review, use, distribution or disclosure by others is strictly prohibited. If you are not the intended recipient (or authorized to receive for the recipient), please contact the sender by reply e-mail and delete all copies of this message.

—– Original Message —–

Fylkesutvalet hadde møte 30. juni. Møtet starta med ei orientering om kraftsituasjonen i fylket, ved dagleg leiar Svein Rødal, Istad Nett AS.

Grunna godt med nedbør hittil i år vil vi ifølgje Rødal truleg ikkje få auka kraftproblem i 2009. Ormen Lange har brukt lengre tid på å kome i full produksjon enn det som var anteke. Dette har gjort situasjonen lettare, men på sikt vil underskotet på kraft auke. Kraftforbruket vil truleg ikkje minke i åra som kjem. Størstedelen av forbruket skjer i industrien. Privat straumsparing vil truleg berre kunne redusere totalforbruket med om lag 0,22 prosent. Utan ny produksjon vil vi etterkvart måtte importere halvparten av krafta fylket har behov for. Det vil også bli naudsynt å ta i bruk forureinande reservekraftverk.

Forbruket er venta å auke i åra som kjem, først og fremst i industrien. I 2015 vil Møre og Romsdal ha behov for i overkant av 13 TWh. Utan ny kraftutbygging vil gjennomsnittleg produksjon ligge på mellom 6 og 7 TWh. Ein tredjedel av potensialet vi har med tanke på småkraftverk, tilsvarande 1,1TWh, vil verte utbygd, men dette er for lite til å åleine løyse problema. Dersom vindkraftverket som har fått konsesjon på Haram vert utbygt vil dette berre ha marginal effekt. Havsul 1 utanfor Harøya vil betre situasjonen, men ikkje nok til tryggleik også i tørrår. Om Industrikraft Møre får gjennomført planane om gasskraftverk i Fræna, vil vi ha tilnærma kraftbalanse.

Rødal meiner at det er realistisk å byggje ut vindkraftverk på Haram og småkraftverk. Derimot meiner han dei andre prosjekta vil vere vanskeleg å gjennomføre på så kort sikt. Havsul 1 vil koste for mykje. Gasskraftverk vil i tillegg til at det kostar for mykje vere vanskeleg å få løyve til å byggje utan CO2-rensing. Dersom dette vert røynda i 2015, vil underskotet på kraft vere større i 2015 enn det er i dag.

Kraftlina mellom Ørskog og Fardal.

Denne lina vil kunne betre kraftforsyninga til fylket. Ifølgje Rødal er denne lina berre mogleg å få til i lufta før 2015. Kabel i sjø vert med dagens teknologi så dyrt at det er urealistisk å gjennomføre. Ei eventuell utbygging av denne lina vil sikre kraftforsyninga til Sunnmøre, gje kraftbalanse i Midt-Noreg og Møre og Romsdal samt gje moglegheit for utbygging av ei rekkje småkraftverk i Sogn.

Statnett har, ifølgje Rødal, blitt bedt om å kome med ein utale om kor mykje kraft Møre og Romsdal er i stand til å importere og korleis ei planlagd kraftline frå Sverige til Trøndelag vil påverke dette. Ein ventar framleis på denne utalinga.

http://www.mrfylke.no/fagom.aspx?m=23050&amid=2134957

Presentasjonen Svein Rødal holdt for fylkesutvalet i Møre og Romsdal 30. juni 2008

Kraftsystemutredning 2008 for Møre og Romsdal – hovedrapport

Kraftsystemutredning 2008 for Møre og Romsdal – presentasjon

Kraftsituasjonen i Møre og Romsdal 2015 – presentasjon av Svein Rødal på pressekonferanse 25.06.200

Fellesutspill om energisituasjonen fra medlemmer av Haga-utvalet 25. juni 2008