Naturvernforbundet spør miljøutvalet om «Plant et tre»-aksjonen
Naturvernforbundet har blitt oppmoda til å uttale seg om planane om at skuleelevar i Møre og Romsdal skal ut i skogen og plante gran.
På eit møte med utvalsleiar Steinar Reiten i vår, sa han at miljøutvalet arbeider for å få ”Plant et tre-aksjonen” frå Nord-Trøndelag til skolane i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner generelt at det å ta med seg barn ut i naturen har ein stor verdi i det haldningsskapande arbeidet. Då er det viktig å sikre at vi som vaksne opptrer som førebilete. Gjennom å plante kystfuru vil vi synleggjøre samanhengane i naturen i fylket vårt.
Utfordringa er at det i dette programmet ser ut til å vere nokre kommersielle krefter som ønskjer å utnytte naturgleda til barn til å få planta ut meir gran, for dermed å få rasert meir naturmangfald i Møre og Romsdal. Dette vil ikkje Naturvernforbundet akseptere. Grana er naturleg heimehøyrande berre i nordaustre del av Rindal i vårt fylke, grana er ein potensiell fare for det biologiske mangfaldet i resten av fylket. Jo fleire generasjonar med gran som blir planta i eit område, jo større trugsmål mot plantar og dyr i Møre og Romsdal. Jo større område som blir planta med gran, jo meir raserer vi mangfaldet i fylket. Det at forrige generasjon gjorde ein feil kan ikkje vere grunn for oss til å ta opp same feilen. Skal skogbruket i Møre og Romsdal tilpasse seg miljøutfordringane i 2009, må dei nytte treslag og genressursar som høyrer til i Møre og Romsdal. Stortinget har vedtatt at tap av biologisk mangfald skal stoppast innan 2010, det blir merkeleg om Møre og Romsdal fylke fattar vedtak om å rasere mangfaldet raskare.
Naturvernforbundet vil elles peike på at det er utvikla fleire ulike undervisningsopplegg om naturmangfald, klima og skog som er tilpassa Kunnskapsløftet. Det er ikkje alle skolar som vil gjøre det same; medan enkelte vil plante kystfuruskog har andre kanskje eit naturreservat dei kan gå tur i, eller kanskje enkelte rett og slett vil følgje eit tre gjennom året. Her er tre aktuelle aktivitetar for skular: ”Følg et tre gjennom årstidene” (http://www.miljolare.no/aktiviteter/land/natur/ln4/), ”Store gamle trær” (http://www.miljolare.no/aktiviteter/by/natur/bn9/) og ”Kartlegg planter i utvalgte naturtyper” (http://www.miljolare.no/aktiviteter/land/natur/ln5/).
Naturvernforbundet og Miljøagentane tek gjerne del i arbeid retta mot å få barn og unge til å bli meir interesserte i og lære meir om naturen og samanhengane i naturen.
Med vennleg helsing
Øystein Folden, telefon 91 81 25 42
fylkesleiar
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Postadresse: 6630 TINGVOLL
Epost moreromsdal@naturvern.no
Internett www.naturvern.no/moreromsdal
Følg natur- og miljøvernsakene på
Naturen trenger deg! Bli medlem! /innmelding.php